 |
To statsrådar på distriktsturne deltok ved opninga av Akvakulturregisteret. F.v.: Styreleiar Paul Birger Torgnes i Fjord Marin ASA og NHO Nordland, fiskeriminister Helga Pedersen, næringsminister Odd Eriksen og direktør Erik Fossum, Brønnøysundregistra. Fleire representantar frå departement, direktorat og akvakulturnæringa var også med. |
(12.01.2006) – Dette vil gi akvakulturnæringa større handlingsrom for tilpassing til skiftande rammevilkår, sa fiskeri- og kystminister Helga Pedersen, då ho opna det nye Akvakulturregisteret i Brønnøysund, tysdag 10. januar.
Fiskeriminister Helga Pedersen understreka også kor viktig det er å ha stabile rammevilkår for all verksemd og busetjing langs kysten.
– Det skal vere lys i husa langs kysten, sa ministeren idet ho trykte på knappen og erklærde Akvakulturregisteret for opna.
Viktig funksjon på rett stad
Direktøren for Brønnøysundregistra, Erik Fossum, peikte på at etaten si 25 år lange erfaring med tinglysing var ein viktig grunn til at Akvakulturregisteret blei lagt nett hit. Lausøyreregisteret har blant anna tinglyst ei rekkje hefte i merdar og fisk opp gjennom åra.
– Den nye lova om akvakultur, som blei vedteken i 2005, erstattar den tidlegare lovgivinga om oppdrett og havbeite. Formålet med lova er å fremje lønnsemda og konkurransekrafta i akvakulturnæringa innanfor rammene av ei berekraftig utvikling, og hjelpe til med verdiskaping på kysten, sa Fossum.
Etterlengta i næringa
– Dette er ein gledeleg dag for oppdrettsnæringa og for oss på Sør-Helgeland, sa styreleiar i Fjord Marin ASA, Paul Birger Torgnes, som også er styreleiar i NHO Nordland.
Torgnes peikte på at det nye registeret har vore etterlengta, og at det inneber nye moglegheiter for næringslivet og betre oversikt både for bankane og alle andre.
Eit realregister
Akvakulturregisteret er eit realregister. Det betyr at registeret er ordna etter løyva. Kvart enkelt løyve utgjer ein eigen einskap i registeret. Akvakulturregisteret inneheld ei oversikt over akvakulturløyve og nokre vesentlege forvaltningsvedtak knytte til desse løyva. I tillegg rommar det ei oversikt over overføringar, pantsetjingar og andre rettar som er tinglyste på løyva.
Ansvarsdeling
Akvakulturregisteret er delt inn i ein forvaltningsdel og ein tinglysingsdel. Fiskeridirektoratet er ansvarleg for registeret sin forvaltningsdel. Direktoratet gir akvakulturløyve og registrerer innhaldet i løyvet (art, lokalitet, nummer mv.). Brønnøysundregistra fører inn og er ansvarleg for opplysningar knytte til tinglysingsdelen. Tinglysing gir rettsvern. At opplysningane i registeret er offentlege, inneber at alle kan få opplysningar om hefte og rettar som er registrerte i Akvakulturregisteret.
|