(17.10.2005)
Rett før årets jaktsesong starta, blei det mogeleg å bestille og betale jegeravgifta på Internett. Fleire tusen jegerar har nytta seg av den nye betalingstenesta til Jegerregisteret.
- Drygt 11 300 jegerar har anten bestilt jegeravgiftskort, kvitteringsoblat eller betalt jegeravgifta på Internett. Det viser at den nye tenesta har vore ein stor suksess, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Jegerregisteret.
Enkelt for jegerane
Betaler du jegeravgifta med kredittkort, blir betalinga umiddelbart registrert i Jegerregisteret, og du får ei kvittering som du kan skrive ut med det same. Kvitteringa er gyldig i sju dagar, og må takast med på jakt inntil du får eit kvittert jegeravgiftskort eller oblat i posten.
- Spesielt nyttig er denne tenesta for dei som er i gong med årets jakt, men som ikkje har fått eller har mist jegeravgiftskortet, og treng eit nytt kort straks, seier Karl Erik Rørmark.
Framleis mogeleg å bestille faktura
Dei som ikkje ønskjer å betale jegeravgifta direkte på nettet, kan bestille faktura med jegeravgiftskort på Jegerregisteret sine nettsider. Fakturaen kjem i posten i løpet av to til fem dager, avhengig av postgongen. Du kan også bestille ny jegeravgiftskort ved hjelp av telefon, faks eller e-post.
Sjå www.jegerregisteret.no.
|