(19.08.2005) Frå 15. august tok dei nye lovene om burettslag og bustadbyggjelag til å gjelde. Ei av endringane i lovene inneber at både burettslag og bustadbyggjelag no må registrere seg i Føretaksregisteret innan tre månader etter stiftinga. Før registrering må andelskapitalen vere fullt innbetalt, og stadfesta av revisor. Dersom burettslaget eller bustadbyggjelaget ikkje er meldt til Føretaksregisteret innan fristen, kan det ikkje registrerast.
Etter 15. august blir det stilt krav om at bustadbyggjelag skal ha ein kapital på til saman 100 000 kroner, og ha minst tjue partseigarar når det blir stifta.
Endra roller
Eit burettslag skal ha eit styre som består av ein leiar og minst to medlemer. Kravet om varamedlemer fell bort. Etter 15. august kan også forretningsføraren vere styremedlem og ha signaturrett. Ifølgje bustadbyggjelagslova blir det krav om å ha ein dagleg leiar, men denne personen kan ikkje vere styreleiar. Dagleg leiar eller andre tilsette kan bli gitt signaturrett.
Det blir dessutan minstekrav om eitt varamedlem, mot tidlegare to.
Oppløysing av burettslag og bustadbyggjelag
Når ein skal oppløyse eit burettslag eller eit bustadbyggjelag, skal det gjerast vedtak om dette på to generalforsamlingar med eit mellomrom på minst fire veker, ikkje to veker som tidlegare. Vedtaket blir meldt til Føretaksregisteret, som kunngjer oppløysinga. I kunngjeringa skal kreditorane varslast om at dei må melde krava sine til avviklingsstyret innan to månader frå siste kunngjering.
Tvangsavvikling
Bustadbyggjelagslova har tidlegare ikkje inneheldt reglar om tvangsavvikling. Etter 15. august blir det mogeleg å tvangsavvikle eit bustadbyggjelag.
Fusjon må meldast innan ein månad
Vedtak om fusjon må meldast til Føretaksregisteret innan ein månad. Føretaksregisteret kunngjer vedtaket. Kreditorfristen er no to månader. Dei same fristane gjeld både for burettslagslova og bustadbyggjelagslova.
Reglar om fisjon
Tidlegare har burettslagslova ikkje hatt reglar om fisjon av burettslag, og ein måtte dermed gå vegen om oppløysing og ny stifting. Etter 15. august kan eit burettslag overdra nokre av bustadene, andre eigedelar og eventuelle plikter til eit nytt lag. Når det gjeld melding til Føretaksregisteret, kreditorvarsel og innvendingar, gjeld tilsvarande reglar som for fusjon. Fristen for å melde vedtaket til Føretaksregisteret er 30 dagar.
Rettsregister
Grunnboka skal fungere som eit rettsregister for burettslagsandlar frå 1. juli 2006. Det vil då også bli mogeleg å endre eit bustadaksjeselskap til burettslag.
|