(19.03.2004)
Det begynner å haste for dei 869 aksjeselskapa som per
1. mars 2004 enno ikkje har sendt inn årsrekneskap for
rekneskapsåret 2002 til Regnskapsregisteret.
16. april 2004 er sett som siste frist for innsending
av komplette dokument. Dersom denne fristen ikkje overhaldast,
vil Rekneskapsregisteret varsle tingretten om at vilkåra
for tvangsavvikling er til stades, seier avdelingsdirektør
i Næringsavdelinga ved Brønnøysundregistra,
Ketil Ingebrigtsen.
Selskapa som er for seint ute må også betale
eit forseinkingsgebyr som aukar veke for veke.
Per i dag er forseinkingsgebyret for selskapa som framleis
ikkje har levert årsrekneskapen for 2002 på 56 240
kroner, seier underdirektør i Regnskapsregisteret,
Gisle Tøgersen.
Oslo toppar med sine 279 selskap lista over kor mange selskap
som enno ikkje har oppfylt innsendingsplikta. Aust-Agder ligg
nedst på lista med tre selskap.
Les
pressemelding
|