(16.10.2003) Forseinkingsgebyret for selskap som enno
ikkje har levert årsrekneskap for rekneskapsåret
2002, er no kome opp i 10 360 kroner. Rekneskapsregisteret
har starta utsendinga av brev til 4 234 selskap som enno
ikkje har sendt inn årsrekneskapen.
Etternølarane utgjer 2,9 prosent av den totale mengda
innsendingspliktige. På same tid i fjor mangla det rekneskapar
frå 3,4 prosent av dei innsendingspliktige.
Breva som no blir utsende frå Rekneskapsregisteret,
går ikkje berre til selskapet som gebyransvarleg, men
også til eventuelle styremedlemer som kan bli solidarisk
ansvarlege. Totalt blir det sendt ut 11 232 brev.
|