(18.09.2003) Forvaltningsansvaret for Einingsregisteret
blei 29. august overførd frå Finansdepartementet
til Nærings- og handelsdepartementet. Det er formålstenleg,
blant anna fordi dette departementet frå før
av har ansvaret for både Føretaksregisteret og
Oppgåveregisteret.
Som ei følgje av behovet for større samordning
med andre register, blir det arbeidt med ein omfattande revisjon
av einingsregisterlova. I denne samanhengen var no tida inne
for å samordne fagansvaret for Føretaksregisteret,
Oppgåveregisteret og Einingsregisteret. Dette er eit
ledd i arbeidet med forenkling og tilrettelegging overfor
næringslivet.
Effektivitet og samordning
Enhetsregisteret si oppgåve er å fremje effektiv
utnytting og samordne dei opplysningane om næringslivet
som finst i ulike offentlege register, og som går igjen
i offentlege spørjeskjema. I staden for at kvar offentleg
etat sender ut kvart sitt skjema til bedriftene, er Einingsregisteret
med på å gjere at felles opplysningar i størst
mogeleg grad blir samla på ein stad. Einingsregisteret
sine grunndata og bruken av desse har stor verdi for Oppgåveregisteret.
|