 |
|
Underdirektør Anne-Hedvig Johansen Ferkingstad
opplever stor pågang av folk som vil reservere
seg mot telefonsal og adressert reklame.
|
(27.02.2003) Reservasjonsregisteret blei sett i drift
frå nyttår 2001. Sidan då har over 380 000
personar bedt om å sleppe å få adressert
reklame i posten og bli kontakta av telefonseljarar. Etter
eit par medieoppslag nyleg, voks registeret med 3 200
personar berre over natta.
Somme ringjer Brønnøysundregistra for
å få hjelp til å reservere seg, mens dei
fleste reserverer seg via nettsidene våre. Det er særleg
pågangen frå telefonseljarar som får folk
til å registrere seg i Reservasjonsregisteret, men reservasjonen
gjeld også adressert reklame i posten, seier underdirektør
Anne-Hedvig Johansen Ferkingstad ved Brønnøysundregistra
si opplysningsavdeling.
Berre personar
Når du har registrert deg i Reservasjonsregisteret,
kan det ta inntil tre månader før reservasjonen
"verkar" det vil seie at namnet ditt er stroke
frå listene til dei som driv telefonsal eller sender
ut reklame. Ver også klar over at ordninga med reservasjon
gjeld berre privatpersonar.
Prøver seg
Vi ser at ein del useriøse aktørar prøver
å finne smotthol for å nå fram til folk
som har reservert seg. Dei kan blant anna påstå
at du er fast kunde, sjølv om du ikkje har handla hos
dei på lenge. Reservasjonen din gjeld heilt til du sjølv
gir melding om noko anna. Derfor skal du ikkje godta påstandar
om at reservasjonen ikkje gjeld lenger, understrekar Ferkingstad.
Hjelp frå Datatilsynet
Den som driv marknadsføring pliktar sjølv å
oppdatere adresselistene sine mot Reservasjonsregisteret.
Dersom du får reklame eller blir kontakta på ein
måte som du meiner er i strid med reservasjonen din,
bør du kontakte avsendaren og krevje at namnet ditt
blir sletta frå adresse- og telefonlistene. Fører
ikkje dette fram, kan du vende deg til Datatilsynet.
Meir
om Reservasjonsregisteret
Her
kan du reservere deg mot adressert reklame og telefonsal
|