Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Lovendringar krev omorganisering

Bokmål

(14.02.2003) Endringar i kommunelova gjer det nødvendig for ein del kommunale og fylkeskommunale føretak å omorganisere seg. Brønnøysundregistra sitt kurs i registrering av kommunale selskap og føretak har vore til nytte for mange i denne prosessen.

Espen Trædal er jurist ved Brønnøysundregistra. Han har hjelpt mange med smertefri tilpassing til ny kommunelovgiving.

Kommunale og fylkeskommunale verksemder som var organiserte som kommunale bedrifter med eige styre etter kommunelova § 11 då lova blei endra, må innan 31. desember 2003 vere omorganiserte til kommunale eller fylkeskommunale føretak etter kapittel 11 i kommunelova. Dersom ikkje, vil styret bli rekna som eit fast utval. Det vil resultere i at dei tilsette sine representantar i styret fell ut. Skal slike verksemder drive meir som ei bedrift, tilrår ein å omorganisere.

Må omorganisere før 2004

Interkommunale selskap kan også gjere lurt i å omorganisere seg som følgje av lovendringar. Eit interkommunalt selskap med uavgrensa ansvar som då lov om interkommunale selskap blei sett i kraft (01.01.2000) var organisert etter selskapslova, må innan fire år (31.12.2003) vere organisert som interkommunalt selskap etter lov om interkommunale selskap. Det same gjeld for interkommunalt selskap som før lova blei sett i kraft var stifta med eige styre etter kommunelova § 27 og som er eit eige rettsubjekt.
Eit interkommunalt selskap med avgrensa ansvar som då lova blei sett i kraft (01.01.2000) ikkje var organisert som aksjeselskap, må innan fire år (31.12.2003) vere organisert som aksjeselskap eller som interkommunalt selskap.
I slike omorganiseringsprosessar vil ein ha stor nytte av lærdommen frå Brønnøysundregistra sitt kurs.

Går gjennom registreringsprosessen

- Kurset tek for seg dei generelle krava, krav til registreringa og opplysningar som blir registrerte. Ein gjennomgang av registreringsskjemaet med praktiske eksempel og gode råd gjer registreringsprosessen enklare, sikrare og framfor alt raskare. Feil og manglar i utfyllinga fører til retur av registermeldinga, og det gir ofte nye rundar i kommunale organ og lengre ventetid på ny behandling, seier foredragshaldaren, jurist Espen Trædal ved Brønnøysundregistra. Han har halde fleire kurs, både bedriftsinternt og som felleskurs.

Lærer å "bruke" Brønnøysund

- Kurset i registrering av kommunale selskap og føretak har vist seg å vere ein god reiskap for kommunar og fylkeskommunar, både ved nyregistrering og ved endring av føretakstype. Også kommunale rettleiarar for etablerarar vil ha mykje å hente her, seier Espen Trædal. På kurset lærer du også korleis du effektivt kan hente ut og setje saman føretaksinformasjon frå Brønnøysundregistra.

Les kursbeskrivinga
Les om heile kurstilbodet

Nyhetsarkiv

Foretaksregisteret innskjerper krav til enkelte vedlegg

No kan du melde fleire endringar elektronisk

Alvorlig feil i Altinn

Suksess for informasjonsportal

Innsending av årsregnskap - ikke oppdatert skjema i år

Avgjørelse om nybygg før sommeren

Samvirkelag og andelslag må tilpasse seg loven


Minstekravet til aksjekapital i AS blir sett ned til 30 000 kroner

Framtids- og jobbmuligheter i Brønnøy

Fråval av revisjon

Styringsgruppen anbefaler nybygg

Frister - melding til Foretaksregisteret

Engelske blankettar frå Brønnøysundregistra

Kurs om Boside - konkurs

Høringsinnspill om nybygg

Høring - nytt bygg for Brønnøysundregistrene

Vil du effektivisere skjema-arbeidet?

Sommeråpent ved Brønnøysundregistrene

Gode elektroniske tilbud gjør papirblanketter overflødige

Ny tjeneste fra Brønnøysundregistrene i Altinn

Europeiske foretak - ny og forbedret tjeneste

Årsmelding 2010 - Tema samfunnsansvar

Enklere å signere elektronisk

Alle kan sjekke skatten

Altinn åpen for alle, men ikke friskmeldt

Altinn ser ut til å stabilisere seg

Altinn er delvis utilgjengelig

300 000 har nå sjekket selvangivelsen

70 prosent kan nå sjekke skatten

Altinn åpnes gradvis

Gratis informasjon til offentlige etater

Spar tid, penger og miljø - elektronisk registrering

Kunngjøring av fisjon - to endringer

Reservasjonsregisteret 10 år - 1,9 mill. har registrert seg

Vårens kurstilbud 2011

Flere saker

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673