Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Last ned årsrekneskap på Internett

Bokmål

Bilde: Årsregnskap på Internett

No kan du laste ned 1,3 millioner årsrekneskap for dei ti siste rekneskapsåra på Internett.

(14.11.2002) Om lag 1,3 millionar årsrekneskap frå dei ti siste rekneskapsåra er nå tilgjengelege for nedlasting frå Brønnøysundregistra sine Internettsider.

- Å gjere årsrekneskap tilgjengelege for nedlasting frå internettsidene våre er ein milestolpe i arbeidet med å tilrettelegge for uthenting av opplysningar på Internett, seier avdelingsdirektør Geir Ebbesen ved Brønnøysundregistra.

Gamle og nye rekneskap

Frå byrjinga av juli har det vore mogeleg å søkje i elektronisk innleverte årsrekneskap. For rekneskapsåra 2001 gjeld det berre vel 1 600 av om lag 155 000 innsende årsrekneskap. Dei rundt 1,3 millionar rekneskapane som er sende inn på papir dei siste ti åra har ikkje vore tilgjengelege på Internett før no.

Biletfiler

I meir enn ti år har Rekneskapsregisteret skanna inn kvar einaste side i årsrekneskap, notar og meldingar som er sende inn til Brønnøysundregistra. Årsrekneskapane er lagra som komprimerte biletfiler på store harddiskar. Det har mellom anna gjort det mogeleg å tilby kopi av årsrekneskapane på Brønnøysundfaksen.

Det er denne lagringsmetoden som no óg gjer det mogeleg å tilby nedlasting av årsrekneskapane over Internett. Internett har for lengst blitt den største kanalen for uthenting av opplysningar frå registra i Brønnøysund, og tilbodet om å laste ned årsrekneskap på Internett vil truleg etter kvart overta for både faks og vanleg postsending.

Tenesta

Årsrekneskapane blir gjorde tilgjengelege for nedlasting i Portable Document Format (PDF), eit utbreidd format for utveksling av dokument på Internett. I tillegg til at det er eit format dei fleste kan bruke, gjer PDF-formatet også at filene som blir overførde blir små. For årsrekneskap med mange sider er det likevel snakk om forholdsvis store datamengder.

Uthenting av årsrekneskap er ei gebyrbelagt teneste. Før du kan laste ned årsrekneskapane på Internett, må du vere registrert som brukar. Det inneber mellom anna at du må leggje inn opplysningar om adresse for fakturering. Det kostar ingen ting å få tildelt brukarnummer og passord.

Fram til nyttår vil det vere mogeleg å hente ut rekneskapstal frå elektronisk innleverte årsrekneskap gebyrfritt. For rekneskapsåret 2001 gjeld det vel 1 600 rekneskap.

 









Nyhetsarkiv

Innsending av årsrekneskap – fråval av revisjon

Framtids- og jobbmuligheter i Brønnøy

Minstekravet til aksjekapital i AS blir sett ned til 30 000 kroner

Fråval av revisjon

Styringsgruppen anbefaler nybygg

Engelske blankettar frå Brønnøysundregistra


Kurs om Boside - konkurs

Høringsinnspill om nybygg

Høring - nytt bygg for Brønnøysundregistrene

Vil du effektivisere skjema-arbeidet?

Gode elektroniske tilbud gjør papirblanketter overflødige

Kvalitetssikra rapport om framtidige registerlokale

Reservasjonsregisterets datafon fases ut

Venter mange registreringer før årsskiftet

Mange kurs ved Brønnøysundregistrene i høst

Lang saksbehandlingstid for papirmeldingar – bruk Altinn

Litauen tilgjengelig i European Business Register

Brønnøysundregistrene åpner dørene

Registrering av tilknytninger i Frivillighetsregisteret

Lær å utvikle tjenester i Altinn

Enklere tilgang til offentlige data

Momskompensasjon? Hugs registrering i Frivilligregisteret

Roser kurs i elektronisk dialog

Kassevis med «askepost» til Brønnøysund

Altinn trenger flere med spesialkompetanse

Få plasser igjen på vår-kursene

Ros etter kurs-serie hos Skatteetaten

Semantic Days 2010: Ord er viktige

Bostyrer – opptatt av effektivitet og lei av papirdokumenter?

Altinn får medhald i Personvernnemnda

Endring i registrering for merverdiavgift

Enklere elektronisk dialog med arbeidsgivere

Kurssenteret med innholdsrik kurs-vår

Serbia tilgjengeleg via EBR

Er du trygg mot identitetstyveri?

Frist for levering av årsregnskap

Omvisning på Brønnøysundregistrene

Sender ut 13 000 påminninger til NUF

Personinformasjon trygg hos Brønnøysundregistra

Utvidet mulighet til å reservere seg mot telefonsalg

Flere organisasjonsformer kan registreres elektronisk

Nye næringskoder tilgjengelig i Enhetsregisteret

Etterlengta sommarjobbar for jusstudentar

Frivillighetsregisteret har registrert organisasjon nummer 10 000

Fødselsnummer i Brønnøysundkatalogen

Slovenia tilgjengelig med foretaksinformasjon i EBR

Vellykket kamp mot skjemaveldet

Innholdsrik kurs-vår ved Brønnøysundregistrene

Meld inn foreningen din i Frivillighetsregisteret

Nytt land og nye produkter i European Business Register

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673