 |
|
Kontorsjef Hilde Majala ved Rekneskapsregisteret
er fornøgd med at så mange har brukt høvet
til å sende inn årsrekneskapen elektronisk.
|
(15.08.2002) 1. august gjekk fristen ut for å sende
årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund.
Nesten 1400 av dei innsendingspliktige selskapa har brukt
høvet til å sende inn årsrekneskapen elektronisk.
- Ut frå føresetnadene må vi seie oss
fornøgde når 1379 har brukt det nye tilbodet,
seier kontorsjef Hilde Majala ved Rekneskapsregisteret. Ønsket
er at flest mogeleg skal bruke elektronisk innsending. Det
vil resultere i enklare offentlege tenester for brukarane.
Ny løysing
Dei 1379 som har sendt årsrekneskapen elektronisk utgjer
ikkje nokon stor del av dei i alt rundt 155 000 innsendingspliktige
selskapa. Sett ut frå at det er snakk om ei ny løysing
som knapt er marknadsført, er det likevel mange som
har prøvt løysinga.
- Det tok litt tid før løysinga for elektronisk
innsending blei lagt inn i dei store fagsystema. Så
fort det var på plass, ser det ut til at løysinga
har fungert tilfredsstillande. Dei problema vi har sett er
ikkje meir enn ein må forvente av eit heilt nytt system.
- Ikkje minst har vi sett at løysinga med at rekneskapstala
blir overførde meir eller mindre direkte frå
rekneskapsprogrammet til brukarane, fungerer tilfredsstillande.
Det lover godt for neste år, seier Majala.
Raskare og betre
Årsrekneskapane inneheld viktig informasjon som skal
vere tilgjengeleg frå Rekneskapsregisteret i Brønnøysund.
Når Rekneskapsregisteret mottek rekneskapane elektronisk,
gjer det at rekneskapane kan gjerast tilgjengelege for brukarane
både raskare og på ein meir tenleg måte.
Framleis sender dei fleste inn årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret
på papir. Rekneskap og vedlegg blir så skanna
og lagra som bilete. Den som ønskjer tilgang til informasjonen
i rekneskapen, kan bestille kopi av årsrekneskapen.
Mange har likevel først og fremst behov for tilgang
til tala i årsrekneskapen.
- For at vi skal kunne gi tilgang til rekneskapstal på
ein god måte, er vi avhengige av at vi får inn
tala elektronisk. På Brønnøysundveven
er det allereie mogeleg å få opp rekneskapstal
frå årsrekneskapar som er sende inn elektronisk,
seier Hilde Majala.
|