|
|
|
Brønnøysundregistra sitt brukarforum
har ein sosial profil. I godt nordnorsk sommarver gjesta
deltakarane den segnomspunne Torghatten.
|
(01.07.2002) Vi er godt fornøgde med Brønnøysundregistra
sine produkt, tenester og service. Dette var omkvedet under
brukarforum i Brønnøysund nyleg. Den årlege
samlinga, der brukarorganisasjonane møter registerfolket,
er ein nyttig arena for dialog og utvikling.
Brønnøysundregistra vil gjerne høyre
korleis brukarane opplever oss og kva dei ventar seg herifrå.
Dessutan gir samlingane oss eit godt høve til å
informere om det vi jobbar med og kva planar vi har framover.
Tek opp problemstillingar
Brønnøysundregistra sitt brukarforum representerer
bank- og finansnæringa, revisjonsføretak, rekneskapsførarar,
kredittopplysningsbyrå, Næringslivets Hovedorganisasjon
og Økokrim. Til kvar samling har representantane med
seg signal frå organisasjonane sine om ting dei meiner
kan bli betre og dei seier seg nøgde med det
som fungerer godt. I nokre tilfelle kan ønska oppfyllast
med ein gong, mens andre saker krev ei grundigare og meir
langsiktig behandling. Under brukarforum sin spørjetime
var eit breitt samansett fagpanel frå Brønnøysundregistra
til stades for å svare på spørsmål
frå deltakarane.
Postgongen ein del av ventetida
Programposten «Aktuelle problemstillingar frå
ein brukar sin ståstad» romma denne gongen synsmåtar
frå Sparebankforeninga sine representantar. Terje Ahlsen
fortalde om korleis næringslivsdepotet i banken hans
bruker Brønnøysundregistra.
Primært bruker vi Føretaks- og Lausøyreregisteret,
sa han. Vi hentar føretaksopplysningar via Brønnøysundfaksen
og telefonisk bestilling av firmaattestar. Dessutan har vi
kontakt med Lausøyreregisteret i samband med tinglysing,
etablering av rettsvern og sletting. I hovudsak fungerer registra
godt, men vi synest nok tinglysinga tek for lang tid, la han
til. Rask behandling er veldig viktig for servicenivået.
Brønnøysundregistra gjer så godt dei kan,
men ein del av ventetida skyldast postgongen.
Teier og samtykkjer
Ahlsen sin kollega Gunnar Harstad hadde prøvd å
få medlemsbankane til å kome med innspel til problemstillingar
han kunne ta opp under brukarforum. Dette er lista,
sa han, og presenterte ei blank side. Det kunne tyde på
så mangt, men i dette tilfellet meinte han å vite
at bankane var godt fornøgde. Harstad meinte medvitet
om Brønnøysundregistra sine nettenester ikkje
er godt nok i mange bankar. Han syntest bankane kunne brukt
gratistenestene langt meir, og meinte dette skuldast manglande
evne til fornying hos bankane sjølve. Ei medverkande
årsak kunne også vere at Brønnøysundregistra
er blitt enda raskare til å svare på telefonen,
og at det derfor er like kjapt å ringe som å bruke
nettet.
Nivået blant operatørane på opplysningstelefonen
er generelt svært høgt, men av og til er terskelen
for å få kontakt oppover i systemet vel høg,
sa han.
Sosial profil
Brukarforum blei etablert i 1997 for å gi brukargruppene
høve til å møte Brønnøysundregistra
i direkte dialog. Det tidlege sommarmøtet på
Sør-Helgeland har funne forma si, basert på fagleg
innhald og sosialt samvær. I år blei det arrangert
ei utflukt til Torghatten, med følgjande middag ved
Hildurs urterarium. På denne måten blir partane
godt kjende, både personleg og med kvarandre sine organisasjonar.
|