 |
|
Statssekretær Helle Hammer frå Nærings-
og handelsdepartementet lovar ei enklare innrapportering
til det offentlege for næringslivet.
|
(12.06.2002) Eg vil nytte dette høvet til
å seie at registra i Brønnøysund speler
ei aktiv og viktig rolle i freistnadene våre med å
forenkle offentleg sektor. Dette sa statssekretær Helle
Hammer i Nærings- og handelsdepartementet då ho
opna den årlege konferansen til European Business Register's
Forum (ECRF) i Tromsø tysdag formiddag. Rundt 90 delegatar
frå 28 europeiske land er samla til registerkonferansen
i Tromsø. Det er Brønnøysundregistra
med direktør Erik Fossum i spissen som har hatt presidentskapet
i ECRF det siste året og har ansvaret for arrangementet
av den årlege konferansen som i år er lagt til
Tromsø. Hovudtemaa på konferansen er administrativ
forenkling og overgang til elektronisk forvaltning som skal
forenkle prosessane ved innrapportering til det offentlege
og ikkje minst minske oppgåvebyrdane for næringslivet.
Forenkling av forskrifter
Regjeringa sine freistnader på å redusere
dei administrative byrdane, spesielt for små og mellomstore
bedrifter, er baserte på to hovudmål: Forenkling
av lovverket og etablering av ein teknologisk infrastruktur
som også omfattar etablering av ein infrastruktur av
register, sa statssekretær Helle Hammer.
Ho sa at eit stort prosjekt som gjaldt forenkling av forskrifter
som involverte alle departement og andre styresmakter nyleg
var avslutta.
Fjerning av meir enn 400 forskrifter
Prosjektet resulterte i fjerning av meir enn 400 forskrifter
og forslag om å etablere ei kompetanseeining knytta
til Justisdepartementet. Eininga skal gi råd og assistanse
til regjeringa med formål å gjere forskriftene
meir tilgjengelege og forståelege. Alle forskrifter
skal bli tilgjengelege på Internett, og det skal visast
større merksemd i forhold til kor viktig det er med
ein god regelverksstruktur. Hammer lovde at næringslivet
ville sjå ytterlegare resultat av dette prosjektet i
framtida.
 |
|
Direktør Erik Fossum ved Brønnøysundregistra
har vore president i European Business Registers Forum
dette året og har vore ansvarleg for den årlege
konferansen som er lagt til Tromsø.
|
Reduksjon av administrative byrdar
Rapportering til offentlege styresmakter skaper mange av
dei administrative byrdane i næringslivet. Departementet
ønskjer å fjerne rapportering som ikkje lenger
er nødvendig, forenkle og gjere den nødvendige
rapporteringa meir straumlinjeforma. Det offentlege skal ikkje
spørje om meir informasjon enn det som strengt teke
er nødvendig, selskap skal aldri rapportere den same
informasjonen meir enn ein gong, og det skal vere eit forhold
mellom den innrapporterte informasjonen og oppgåvebyrdane
for det einskilde selskapet.
Papirbasert registrering
Direktør Erik Fossum ved Brønnøysundregistra
starta registerkonferansen med å vise ein video frå
Brønnøysundregistra i dag, der mesteparten av
informasjonen som blir meld inn frå næringslivet
og privatpersonar kjem inn i papirform. Slik er det framleis
i dei fleste europeiske registereiningane. Det er dette papiret
som skal bort i dei nærmaste åra ved å bli
erstatta av elektronisk innrapportering og enklare rutinar
for næringslivet.
Midnattsol
Fossum ønskte vel møtt til eit solfylt Tromsø.
Ein av grunnane til at konferansen blei lagd til Tromsø
i staden for Brønnøysund var hotellkapasiteten.
Og då kunne konferansen like godt leggjast til Tromsø
med håp om at dei mange europeiske delegatane kunne
få med seg midnattsola.
 |
|
Ordførar Herman Kristoffersen i Tromsø
kunne ønskje 90 delegatar frå 28 europeiske
land velkomen til eit solfylt Tromsø.
|
Også ordførar Herman Kristoffersen ønskte
delegatane velkomne til Tromsø, i ein morosam og patriotisk
velkomsttale.
Festmiddagen tysdag kveld blei lagd til Otervika, med langbord
i fjæra, og deretter tur med fjellheisen til Storsteinen
for å sjå midnattsola.
|