(16.04.2002) 10. april var absolutt siste fristen for
dei 617 aksjeselskapa som enno ikkje hadde sendt inn årsrekneskapen
for 2000. No overlèt Rekneskapsregisteret til skifterettane
rundt om i landet å avgjere om selskapa skal tvangsoppløysast.
Talet på selskap som blir sende over til skifteretten
held seg stabilt lågt, og utgjer under ein halv prosent
av alle dei 137 700 aksjeselskapa i landet, seier leiaren
for Rekneskapsregisteret, Hilde Majala.
Har hatt høvet
Fristen for å sende inn årsrekneskapen for 2000
gjekk ut 1. august 2001. Selskapa som no blir sendt til skifteretten
har altså hatt rikeleg høve til å ordne
opp i forholdet. Frå tidlegare år veit vi at dei
fleste etternølarane har enda opp med å bli tvangsoppløyste.
Styremedlemmene ansvarlege
Aksjeselskap som ikkje sender inn årsrekneskapen innan
1. august, må betale eit forseinkingsgebyr som aukar
veke for veke. Dersom ikkje selskapet betaler, er styremedlemmene
solidarisk ansvarlege for å betale.
Tilgjengeleg for allmenta
Årsrekneskapane inneheld viktig informasjon som skal
vere tilgjengeleg for allmenta, og kven som helst kan vende
seg hit for å få årsrekneskap tilsende.
|