Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

103 000 arbeidstakarar leigde ut eller formidla i 2001

 

(19.04.2002) 103 507 arbeidstakarar frå 225 forskjellige yrkesgrupper blei leigde ut eller formidla i 2001. Det viser tal som 286 bedrifter har sendt inn til det drygt eitt år gamle Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret i Brønnøysund.

Ikkje overraskande er det yrke innan kontorfag som dominerer på utleigemarknaden for arbeidskraft. 28 300 arbeidstakarar innan kontorrelaterte yrke blei leigde ut i løpet av fjoråret. Desse er fordelte på yrkeskodebeskrivingane kontormedarbeidarar, sekretærar, økonomimedarbeidarar/revisjonsassistentar, andre talbehandlarar, puncheoperatørar og sentralbordoperatørar. Lagermedarbeidarar og materialforvaltarar er ei anna stor gruppe, med over 10 000 utleigde arbeidstakarar.

Bygg og anleggsbransjen og helsesektoren

Innan byggje- og anleggsbransjen blei om lag 3 350 arbeidstakarar formidla eller leigde ut. I tillegg til tradisjonelle handverksfag som mellom anna murarar, jernbindarar og tømrarar er det her rekna med 1 491 hjelpearbeidarar innan bygg, anlegg, vedlikehald og liknande pluss 262 bygningsingeniørar og -teknikarar. I overkant av 4 000 personar blei formidla eller leigde ut til yrke innan skipsfart.

Innan helsesektoren er det leigt ut eller formidla 670 sjukepleiarar, 392 spesialsjukepleiarar/jordmødrer, 262 omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar og 385 legar. Medpro AS er størst innan formidling av legar, mens Adecco Norge AS er størst når det gjeld utleige av sjukepleiarar, følgd av Activecare AS og Helsenor Personal AS.


 

















Nyhetsarkiv

Foretaksregisteret innskjerper krav til enkelte vedlegg

No kan du melde fleire endringar elektronisk

Alvorlig feil i Altinn

Suksess for informasjonsportal

Innsending av årsregnskap - ikke oppdatert skjema i år

Avgjørelse om nybygg før sommeren

Samvirkelag og andelslag må tilpasse seg loven


Minstekravet til aksjekapital i AS blir sett ned til 30 000 kroner

Framtids- og jobbmuligheter i Brønnøy

Fråval av revisjon

Styringsgruppen anbefaler nybygg

Frister - melding til Foretaksregisteret

Engelske blankettar frå Brønnøysundregistra

Kurs om Boside - konkurs

Høringsinnspill om nybygg

Høring - nytt bygg for Brønnøysundregistrene

Vil du effektivisere skjema-arbeidet?

Sommeråpent ved Brønnøysundregistrene

Gode elektroniske tilbud gjør papirblanketter overflødige

Ny tjeneste fra Brønnøysundregistrene i Altinn

Europeiske foretak - ny og forbedret tjeneste

Årsmelding 2010 - Tema samfunnsansvar

Enklere å signere elektronisk

Alle kan sjekke skatten

Altinn åpen for alle, men ikke friskmeldt

Altinn ser ut til å stabilisere seg

Altinn er delvis utilgjengelig

300 000 har nå sjekket selvangivelsen

70 prosent kan nå sjekke skatten

Altinn åpnes gradvis

Gratis informasjon til offentlige etater

Spar tid, penger og miljø - elektronisk registrering

Kunngjøring av fisjon - to endringer

Reservasjonsregisteret 10 år - 1,9 mill. har registrert seg

Vårens kurstilbud 2011

Flere saker

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673