(20.03.2001) Pr. 1. mars 2002 hadde 1 060 innsendingspliktige
selskap enno ikkje sendt inn årsrekneskapen for rekneskapsåret
2000. Rekneskapsregisteret i Brønnøysund har
gitt selskapa ein siste frist til 10. april til å sende
inn ein komplett rekneskap.
Dersom fristen ikkje blir overheldt, vil skifteretten bli
varsla og selskapa kan bli tvangsoppløyste. Oversikt
over kva aksjeselskap som ikkje har sendt inn årsrekneskapen,
vil bli offentleggjord på Brønnøysundveven,
i Norsk lysingsblad og i aktuelle lokalaviser den 20. mars.
- Fristen for å sende inn årsrekneskap, årsmelding
og revisjonsmelding for rekneskapsåra 2000 gjekk ut
1. august 2001. Etter fleire purringar er det framleis 1 060
selskap av 137 700 innsendingspliktige som ikkje har sendt
inn årsrekneskapen innan 1. mars. Desse selskapa vil
no få ein absolutt siste frist, 10. april, for å
ordne opp slik at ein unngår ei eventuell tvangsoppløysing
av selskapa, seier kontorsjef Hilde Majala i Rekneskapsregisteret.
|