(08.01.2002) Årsstatistikken frå Føretaksregisteret
viser at det har blitt registrert 2 614 færre nye føretak
i Føretaksregisteret i 2001 enn året før.
Det blei totalt registrert 23 817 nye føretak mot 26
431 i 2000, ein nedgang på 9,9 prosent.
- Eg ser ikkje på denne nedgangen som dramatisk, vi
er heller nede på eit normalt nivå når det
gjeld nyregistreringar. I fjor hadde vi det høgaste
talet på nyregistreringar nokonsinne, seier underdirektør
Jostein Dyrkorn ved Føretaksregisteret.
14 687 føretak blei sletta i fjor mot 11 972 i 2000.
Det betyr at det ved årsskiftet totalt var registrert
303 243 føretak i Føretaksregisteret, ein nettoauke
på 9 103 føretak.
Framleis flest aksjeselskap
Framleis blir det registrert flest nye aksjeselskap. Talet
på nyregistrerte aksjeselskap var 12 180 i 2001, inkludert
er 38 nye allmennaksjeselskap. Det er ein nedgang på
1 756 aksjeselskap i forhold til 2000. Talet på sletta
selskap var 9 746, slik at den totale bestanden ved årsskiftet
var på 150 732 aksjeselskap.
Enkeltmannsføretak aukar
Talet på enkeltmannsføretak registrert i Føretaksregisteret
aukar år for år på kostnad av aksjeselskap.
Prosentdelen enkeltmannsføretak er no på 36 prosent,
mens aksjeselskap for første gong er komen under 50
prosent.
Det blei registrert 7 429 enkeltmannsføretak i 2001
mot 7 688 året før. Talet på sletta enkeltmannsføretak
var 2 692, slik at den totale bestanden no er på 109
032.
Stor nedgang i ANS
Ansvarlege selskap, både med uavgrensa ansvar og delt
ansvar, er den tredje store gruppa selskap registrerte i Føretaksregisteret.
Det blei registrert 2 855 nye ANS i 2001, ein nedgang på
620 i forhold til året før (17,8 prosent).
Det har blitt sletta heile 1 748 ansvarlege selskap i 2001.
Årsaka er særskilde tiltak sette i verk av Føretaksregisteret
for å sanere ansvarlege selskap som ikkje lenger er
liv laga.
Les
pressmelding
|