(02.11.01) Frå 1. november finn du prospekt registrert
i Føretaksregisteret på Brønnøysundveven.
Det første prospektet er frå Bolig og Næringsbanken
i Trondheim. Prospekt vil fortløpande bli lagde ut
etter kvart som dei blir registrerte i Føretaksregisteret.
I følgje verdipapirhandelloven skal det utarbeidast
prospekt ved tilbod om teikning av omsetjelege verdipapir
som blir retta til fleire enn 50 personar i den norske verdipapirmarknaden,
og som gjeld eit beløp større enn 40 000
euro.
Eit prospekt skal innehalde opplysningar som er nødvendige
for at investorar skal kunne gjere ei velfundert vurdering
av den økonomiske stillinga og utsiktene til den som
sender ut prospektet, og kva rettar som er knytte til det
nemnde verdipapiret.
Ein ny verdipapirhandellov tok til å gjelde 1. april
2001, og i følgje loven skal prospekt som gjeld verdipapir
som ikkje er eller blir søkt børsnotert, sendast
til Føretaksregisteret for registrering før
prospektet blir offentleggjort.
Prospekt registrert i Føretaksregisteret kan bestillast
frå Brønnøysundregistra på telefon
75 00 75 00.
Prospektoversikt
|