|

|
|
Elleve veker etter fristen for innsending av årsrekneskap,
er forseinkingsgebyret kome opp i 10 480 kroner.
|
For dei vel 4 700 aksjeselskapa som enno ikkje har sendt
inn årsrekneskapen, har seinkingsgebyret passert 10
000 kroner. Gebyret aukar med vel 1 300 kroner veka dei næraste
vekene.
Elleve veker etter fristen for innsending av årsrekneskap,
er det 4 714 aksjeselskap som framleis ikkje har sendt
inn årsrekneskap for rekneskapsåret 2000 til Rekneskapsregisteret
i Brønnøysund. Dette er omlag like mange som
i fjor, opplyser leiar ved Rekneskapsregisteret, Sverre Hovland.
- For dei selskapa som enno ikkje har sendt inn årsrekneskap,
svarar det seg å gjere det så raskt som råd.
Seinkingsgebyret aukar nemleg heilt til selskapet har sendt
årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret, selskapet vert
sletta i Føretaksregisteret eller skifteretten vedtek
konkursopning eller oppløyser selskapet i orskurd.
Mange styremedlemer veit ikkje at dei har solidarisk ansvar
for dette gebyret. Statens innkrevjingssentral kan krevje
det inn frå kven som helst av styremedlemene, dersom
akjseselskapet ikkje betaler gebyret, seier Hovland.
Selskapa og styremedlemene får i desse dagar det andre
purrebrevet frå Rekneskapsregisteret. Brevet opplyser
om storleiken på seinkingsgebyret så langt og
annan viktig informasjon om rekneskapsplikta. Dersom eit selskap
ikkje har oppfylt innsendingsplikta innan seks månader
etter fristen (1. februar), startar Rekneskapsregisteret prosessen
med tvangsavvikling av selskapet.
Når innsendt årsrekneskap for eit selskap er godkjend,
blir dette kunngjort. Kjenner ein organisasjonsnummeret for
eit selskap, kan ein lesa kunngjeringar
for selskapet på Brønnøysundveven.
|