 |
|
Mange kassar med årsrekneskap kom til Brønnøysundregistra
den 1. august.
|
(23.08.2001) Rekneskapsregisteret manglar framleis 14 321
årsrekneskap for rekneskapsåra 2000 etter at fristen
gjekk ut 1. august. Alle selskap som ikkje har sendt inn årsrekneskapen
sin innan fristen får eit forseinkingsgebyr. Det går
framleis an å sende inn årsrekneskapen, og dermed
redusere storleiken på gebyret.
Kvart tiande selskap overheld ikkje fristen for innsending
av årsrekneskap. Nærare 6 000 av desse er
gjengangarar frå år til år, og registerleiar
Sverre Hovland ser med uro på dei mange gjengangarane.
Selskap som ikkje overheld fristen for innsending, får
eit forseinkingsgebyr. Gebyret aukar veke for veke inntil
Rekneskapsregisteret har motteke og godkjend årsrekneskapen
eller selskapet er sletta frå Føretaksregisteret.
|