|

|
|
Stein Brekk ved Einingsregisteret ber om at endringar
ikkje blir meldt i e-post, men på blanketten samordna
registermelding.
|
(27.07.2001) Einingsregisteret har den siste tida fått
inn fleire og fleire endringsmeldingar frå næringsdrivande
sendt som e-post. Slike meldingar blir automatisk nekta.
- Registreringar og endringar kan førebels ikkje skje
elektronisk grunna krav om signatur. Derfor ber vi næringsdrivande
framleis om å bruke blanketten samordna registermelding
både ved registrering og endring, seier gruppeleiar
Stein Brekk ved Einingsregisteret.
Einingsregisteret har den siste tida fått inn fleire
og fleire endringsmeldingar frå næringsdrivande
sendt som e-post, både gjennom firmapost til Brønnøysundregistra
og gjennom nettenesta Spør OSS, som blant
anna gir svar om bedriftene sine skjemaplikter.
Talet på endringsmeldingar sende som e-post er aukande,
enkelte dagar er opptil 1012 meldingar komne inn gjennom
firmapost eller Spør OSS.
Enkle meldingar
Dei fleste endringsmeldingane via e-post gjeld ny adresse,
nytt telefon- eller faksnummer eller registrering av domenenamn
og e-postadressar, altså lite sensitive ting som er
enkle å melde i e-post. Men Einingsregisteret har også
fått inn meldingar om nyregistrering og endring av organisasjonsform
i e-post.
Blir nekta
- Alle meldingar om endringar eller nyregistreringar som
kjem inn som e-post vil bli nekta grunna krav om signatur.
Så lenge elektroniske signaturar ikkje er på plass,
kan vi heller ikkje godkjenne meldingar om registrering og
endringar som kjem inn elektronisk. Vi oppmodar derfor alle
næringsdrivande om framleis å bruke samordna registermelding
når det er endringar i føretaket, signere og
sende denne inn til Einingsregisteret i staden for å
bruke e-post, seier gruppeleiar Stein Brekk.
|