|

|
|
Underdirektør John Christian Helland vis
fram eksempel på kontorutstyr og maskiner som
kjem under dei nye reglane for pant i driftstilhør.
|
(27.06.2001) Reglane for pant i driftstilhør er
no endra. Frå 1. juli kan pant i driftstilhør
tinglysast i Lausøyreregisteret i Brønnøysund
utan kopling til fast eigedom. Tidlegare var det krav om at
driftstilhør måtte pantsetjast saman med eigedomsretten
eller ein tinglyst bruksrett til fast eigedom knytt til verksemda.
Ny tinglysning av gamle panterettar er gratis i eitt år
frå loven trådte i kraft.
- Lovendringa gjer det lettare for næringsdrivande
å pantsetje driftstilhør når dei slepp
koplinga til fast eigedom. Dei gamle reglane var vanskelege
å praktisere i tillegg til at mange næringsdrivande
var avskorne frå høvet til å pantsetje
sitt driftstilhør i samband med låneopptak, seier
underdirektør John Christian Helland i Lausøyreregisteret.
Det er Sparebankforeninga og Finansnæringens Hovedorganisasjon
som har vore pådrivarar for å få endra lovverket.
|