|
Skal du jakte i Noreg, må du ha eit gyldig jegeravgiftsskort.
Avgifta gjeld for heile landet og for jaktåret rekna frå og med 1. april til og med 31. mars. Jegeravgiftskortet kan også brukast som dokumentasjon
om at du er registrert jeger når du søker politiet om løyve til å kjøpe våpen og i butikken når du kjøper ammunisjon..
Har du aldri jakta før, må du først avleggje
jegerprøva.
Kvar du kan avleggje jegerprøva, får du vite
ved å kontakte eksamensansvarleg for jegerprøva i kommunen du tilhøyrer. Dersom
du greier jegerprøven, blir du registrert som jeger
i Jegerregisteret. To til fem dagar etter registreringa vil
du få tilsendt eit jegeravgiftskort i posten.
Du kan både tinge og betale jegeravgifta via internettsidene våre. Ved betaling med kredittkort kan du skrive ut ei førebels kvittering som gjeld i ti dagar. Kvitteringa må du ha med på jakt inntil du får eitt nytt jegeravgiftskort i posten. I tillegg til jegeravgiftskortet
vil du få tilsendt jegerinformasjon frå Direktoratet
for naturforvaltning.
Det har vorte eit krav fra kortinnløysarane at sikkerhetsløysinga 3D Secure blir nytta ved betaling av jegeravgifta internettsida vår. 3D Secure er den sikkerhetsløysinga som Visa og Mastercard nyttar for å identifisere korthaldar ved kjøp over Internett. Du betaler med kortet ditt på same måten som tidlegare, men dersom banken din nyttar denne løysinga, vil du få beskjed om å taste inn passordet ditt for å gjennomføre betalinga.
|