|
(15.02.2007) Brønnøysundregistra deltek i det internasjonale prosjektet "Business Register Interoperability throughout Europe" (BRITE). Målet er å etablere elektronisk kommunikasjon mellom europeiske føretaksregister. Det er eit omfattande og komplekst samarbeidsprosjekt som involverer heile 19 europeiske aktørar.
– Forbetra kommunikasjon mellom dei ulike handelsregistra vil føre til mindre administrativ belastning for norske selskap som ønskjer å bli aktive i andre europeiske land, seier avdelingsdirektør ved Brønnøysundregistra, Ketil Ingebrigtsen. Han meiner også at BRITE kan gjere det lettare for publikum å skaffe seg oversikt over selskap med grenseoverskridande aktivitet, for eksempel sporing av selskap som har flytt, eller søk på filialar av eit selskap.
Fire ulike tenester
Prosjektet skal utarbeide løysingar for fire ulike tenester. ”Flytting av registrert hovudsete” er ein av dei, og er den tenesta som blant andre Brønnøysundregistra har ansvaret for.
– Brønnøysundregistra jobbar tett saman med Bolagsverket (Sverige) og Companies Registration Office (Irland) for å utvikle ei teneste ein kan ta i bruk ved flytting av selskap over landegrensene. Dersom du ønskjer å flytte selskapet ditt over til eit anna europeisk land, må du først slette selskapet i det landet du ønskjer å flytte det frå, og deretter registrere det på nytt i det landet du flytter selskapet til. I ein slik situasjon er det svært formålstenleg at dei berørde handelsregistra kan utveksle relevant informasjon, seier Ingebrigtsen.
Andre nyttige tenester
”Registrering av filialar” er ei teneste som er under utvikling av Italia, Irland og Sverige. Tenesta skal nyttast når eit selskap ønskjer å registrere filialar i andre land.
Den tredje tenesta som blir utvikla er ”Offentlege kjøp”. Tenesta gjeld informasjonsutveksling ved offentlege kjøp, og skal gjere det enklare for tilbydarar å bruke ulike dokument og attestar, for eksempel firmaattest, ved deltaking i konkurransar i andre land. ”Informasjonsutveksling med andre aktørar” er den fjerde tenesta. Ho kan brukast ved informasjonsutveksling mellom handelsregister og andre aktørar. Aktuelle område er kamp mot økonomisk kriminalitet og kvitvasking, informasjon om børsnoterte selskap og tilsyn med finansinstitusjonar.
Teknisk bidragsytar
Brønnøysundregistra skal også hjelpe til i delar av det informasjonsteknologiske arbeidet.
– Det må utarbeidast eit sett med felles omgrep i informasjonsutvekslinga og som må definerast i eit logisk system. Målet er at informasjonen som blir utveksla har same tyding for alle handelsregistra. Brønnøysundregistra har kome langt med SERES (Semantikkregisteret for elektronisk samhandling), som er eit felles system for eins modellering av informasjon. Samtidig er det viktig å samarbeide med andre aktørar på dette området, understrekar Ketil Ingebrigtsen.
Ferdigstilt i 2009
BRITE-prosjektet starta i mars 2006 og har ei tidsramme på tre år. Prosjektet får stønad frå EU, og blir leia av "European Business Register" (EBR), som er eit europeisk nettverk for utveksling av føretaksopplysningar.
|