Frivilligregisteret skal gjere samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter betre og enklare. Foreiningar, stiftingar og aksjeselskap som driv frivillig verksemd kan registrerast i Frivilligregisteret. Ingen organisasjonar har plikt til å registrere seg i Frivilligregisteret, men alle organisasjonar som fyller vilkåra har rett til å la seg registrere. Frivilligregisteret er per i dag knytt opp mot desse to ordningane:
- Grasrotdelen
- Meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar
Dette må du tenkje på før du startar registreringa
Før du startar registreringa i Frivilligregisteret er det lurt å tenkje over dette:
- Kva for kategoriar høver for organisasjonen min? Sjå: Oversikt over kategoriar for aktivitetsområde (PDF)
- Ønsker vi å delta i grasrotdelen? Har vi rett til å delta i Grasrotdelen (PDF)? Sjå: Vilkåra for Grasrotdelen (PDF)
- Ønsker vi at vedtektene våre skal vere registrerte og tilgjengelege? Det er viktig å merke seg at dersom du registrerer vedtekter, vil organisasjonen din ha plikt til å oppdatere desse når det blir gjort endringar.
- Ønsker vi å registrere rekneskapsopplysningar? Det er viktig å merke seg at dersom du vel å registrere rekneskapsopplysningar, vil organisasjonen din ha plikt til å sende inn årsrekneskap.
Dette treng du før du startar registreringa
Før du tar til å fylle ut melding om registrering i Frivilligregisteret, bør du førebu deg. Det du bør ha på plass er:
- Eingongskodar, registrert passord eller smartkort for innlogging og signering i Altinn. Enigongskodar finn du i eige brev frå Altinn (kan tingast frå Altinn). Smartkort kan du allereie ha dersom du har tippekort frå Norsk Tipping. Dersom du allereie har registrert deg som brukar og lagt inn mobiltelefonnummer i Altinn, kan du logge inn med passord og eingongskode på SMS.
- Du bør ha desse dokumenta tilgjengelege – anten som elektroniske dokument eller som skanna kopiar:
- Vedtekter
-
Stiftingsdokument, som viser at eininga er oppretta/stifta. Dersom det ikkje finst stiftingsdokument, kan du nytte ein kopi av protokoll frå det siste årsmøtet eller eit dokument frå fylkeslag/sentralorganisasjon som syner at foreininga er godkjend som lokallag
- Årsmøteprotokoll som syner val av dei personane som sit i styret
- Namn og fødselsnummer på den som skal registrerast som kontaktperson eller dagleg leiar/forretningsførar
- Namn og fødselsnummer på alle styremedlemmer
Skjema for registrering i Frivilligregisteret
Organisasjonar som ønsker å registrere seg i Frivilligregisteret må sende inn registermelding, sjølv om dei allereie er registrerte i Einingsregisteret (og har fått tildelt organisasjonsnummer). Det er ikkje naudsynt å registrere opplysningar som allereie er registrerte i Einingsregisteret på nytt, men om desse opplysningane er endra, skal endringane meldast. Ved ny registrering i Frivilligregisteret gjennom Altinn vil systemet berre spørje etter opplysningar som skal registerast i Frivilligregisteret.
Grasrotdelen
Registrering i Frivilligregisteret er eit krav for å vere med i Grasrotdelen. Du finn meir om vilkår for deltaking i Grasrotdelen i eit eige dokument (PDF).
Grasrotdelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi en del på fem prosent av innsatsbeløpet direkte til ein lokal frivillig organisasjon. Grasrotdelen gjeld for alle spela til til Norsk Tipping, bortsett frå Flax og Extra. For spelet Mulitix går halve overskotet til Grasrotdelen. Utbetaling av grasrotmidlane skjer tre gonger i året; 1. januar, 1. mai og 1. september. For meir informasjon, sjå Norsk Tipping sine sider om Grasrotdelen.
Meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar
Meirverdiavgiftskompensasjon er ei tilskotsordning som skal gi kompensasjon for meirverdiavgift etter søknad frå frivillige organisasjonar. I 2010 var det krav om at einskilde søkarar og sentralledd måtte vere registrerte i Frivilligregisteret for å kunne søkje om meirverdiavgiftskompensasjon. For meir informasjon, sjå Lotteri- og Stiftelsestilsynet sine sider om momskompensasjon.
Registrering av tilknytingar
Sentralledd i frivillige organisasjonar med fleire ogranisasjonsledd (regionalledd og/eller lokalledd) skal melde tilknytingar til Frivilligregisteret. Det vil seie at sentralleddet skal registrere dei organisatoriske samanhengane ho har til andre lokalledd og regionalledd.
Les meir om registrering av tilknytingar
Meir informasjon
Information in English
Registrering i Frivilligregisteret

|