|
|
Etiske retningsliner for Brønnøysundregistra |
|
 |
 |
 |
 |
|
 |
Den einskilde tilsette pliktar å utføre oppgåvene sine og opptre på ein etisk forsvarleg måte for å vareta Brønnøysundregistra sitt omdømme. Det er eit medvite val å ikkje ha for mange og for detaljerte reglar. Det viktigaste er at dei tilsette brukar sunn fornuft og spør leiaren sin når dei er i tvil om kva som er riktig praksis. Dei fleste innrettar seg meir etter det som blir gjort enn etter det som blir sagt. Haldningar og framferd hos leiarane er derfor viktig, då dette i stor grad uttrykkjer den etiske standarden til Brønnøysundregistra andsynes dei tilsette.
Her er dei etiske retningslinene for Brønnøysundregistra:
- Reglar og plikter i arbeidsforholdet: Setje deg inn i reglar og plikter knytt til arbeidsforholdet og halde deg til desse.
- Reglar knytte til saksbehandlinga: I saksbehandling følgje gjeldande lover, forskrifter og saksbehandlingsrutinar.
- Effektivitet: Nytte arbeidstida til innsats for Brønnøysundregistra.
- Lojalitet: Setje lojaliteten til Brønnøysundregistra framfor lojalitet mot enkeltpersonar, bedrifter eller andre.
- Informasjonshandtering: Aldri bruke informasjon du har fått kjennskap til i tenesta for å oppnå personlege fordelar eller skade andre.
- Habilitet og nære relasjonar: Ikkje ta del i behandling eller avgjerd av noko sak der du sjølv eller nærståande har personlege eller økonomiske særinteresser. Brønnøysundregistra har eigne retningsliner for nære relasjonar.
- Brønnøysundregistra sitt utstyr og materiell: Berre bruke utstyr eller materiell som tilhøyrer Brønnøysundregistra til private formål etter nærmare avtale med overordna eller annan ansvarshavande.
- Gåver og tenester: Ikkje akseptere spesielle fordelar av økonomisk eller annan art som påverkar tenesteutøvinga.
- Innkjøp: Følgje gjeldande regelverk for offentlege innkjøp.
- Bistillingar og attåtarbeid: Gjere arbeidsgivar kjend med bistillingar eller attåtarbeid, når det kan vere tvil om attåtarbeidet er i samsvar med Brønnøysundregistra sine legitime interesser.
Etiske retningslinjer for statstenesta (pdf-dokument)
|
 |
| |
|
|
|
| |
|
|
|
 |