Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

ELMER - Enklare og meir effektiv rapportering

Bokmål

This page in English

European eGovernment Awards Finalist 2009ELMER (Enklare og meir effektiv rapportering) er vedtekne som retningsliner for brukargrensesnitt i offentlege skjema på Internett. Retningslinene er utarbeidde på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet og blir forvalta av Brønnøysundregistra. Frå sommaren 2009 er ELMER også vedteken som forvaltningsstandard for offentlege skjema til næringslivet.

ELMER-retningslinene skal vere med på å sikre at offentleg skjemaproduksjon møter høve og utfordringar ved elektronisk skjemabasert kommunikasjon på ein einsarta og brukarvennleg måte. ELMER-retningslinene ligg til grunn for utviklingsarbeidet i Altinn. Målet er at alle offentlege skjema skal byggje på eit felles brukargrensesnitt.

Rettleiar til ELMER-retningslinene

Læreboka «Skjemavett på Internett - veileder til ELMER og andre tips om brukervennlig skjermdialog» (Kommuneforlaget, 2007, kr 380) gjennomgår kvar enkelt av dei femten kravgruppene i retningslinene. Forfattaren og forlaget har gjort delar av boka tilgjengeleg gratis, som enkeltståande pdf-dokument for kvar kravgruppe. Desse kapitla gir konkret og grundig hjelp til å forstå og tolke dei einskilde reglane.

Kurs om ELMER
  • Brønnøysundregistra held kurs i bruk av ELMER 2-retningslinene for brukargrensesnitt i nettskjema. Kursa finn du i kurskalenderen.

Forarbeidet til ELMER starta i 2000, og endelege retningslinjer blei utarbeidde i 2006 (ELMER 2). For tida er det planar om ein mindre revisjon av retningslinene, ELMER 2.1. På ELMER-prosjektet sin nettstad www.elmer.no finn du meir om bakgrunnen for retningslinene.

Rettleiing for verksemda di

Brønnøysundregistra har ansvaret for å leggje til rette for at retningslinene aktivt blir tekne i bruk. Vi tilbyr generell rettleiing og tilpassa internkurs om ELMER for den enkelte verksemda. Kontakt Audun Saus (tlf. 75 00 77 64) eller Rune Haugen (tlf. 75 00 60 12) for nærmare orientering, eller send oss e-post på ELMER@brreg.no.

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673