Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Elektronisk registrering – spar tid, pengar og miljø

Bokmål

IllustrasjonElektronisk Samordna registermelding i Altinn er ei felles løysing for registrering i fleire offentlege registre. Løysinga kan du bruke til dei fleste meldingar og organisasjonsformer. Elektronisk registrering til Brønnøysundregistra er open heile døgnet, så du kan levere registermeldinga akkurat når det passar deg. For deg som brukar, er det mange fordelar ved å bruke elektronisk registrering:

  • Det er nok at ein person signerer elektroniske meldingar
  • Retten til å signere på vegner av ei eining eller eit føretak kan giast vidare til andre personar - som tilsette, rekneskapsførar, revisor eller andre
  • Du fyller berre ut dei felta som er nødvendige. Det er hjelpetekstar for kvart felt
  • Kontroll av skjemaet før innsending gjer det enklare å oppdage feil eller manglar og det er mindre risiko for å få meldinga i retur
  • Saksbehandlingstida er kortare
  • Lågare gebyr for dei fleste meldingane i Føretaksregisteret

For at du skal kunne bruke elektronisk registrering, må du må kunne laste opp vedlegg og signere meldinga elektronisk i Altinn.

Innlogging

Altinn gir deg flere høve til å å logge deg inn . Første gong kan du nytte PIN-kodar som står i kodebrevet frå Skatteetaten eller kodar tilsende frå Altinn. Seinare kan du bruke eingongskodar frå Altinn tilsende på SMS. Du kan og logge deg på med Smartkort frå BuyPass. Meir informasjon om innlogging

Elektronisk signatur

Løysinga er basert på signering av meldingar i Altinn. Det betyr at alle som skal skrive under meldinga må signere digitalt før meldinga kan bli sendt til Brønnøysundregistra.

Registrering av nye føretak

Tenesta kan du bruke for dei fleste organisasjonsformene.

Endring av opplysningar

Når du bruker elektronisk registrering, får du opp tidlegare opplysningar og du treng berre å fylle ut endringane dine.

Sletting av føretak

I løysinga for elektronisk registrering kan du melde sletting av føretak og einingar for dei fleste organisasjonsformene.

Stadfesting frå finansinstitusjon

Ifølge aksjelova kan finansinstitusjonar (bankar) stadfeste at aksjeselskap og allmennaksjeselskap har motteke den innskotne aksjekapitalen.


 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673