Rettleiing til forenkla registermelding for sletting
Blanketten skal berre brukast dersom eininga skal slettast
frå alle register (Einingsregisteret og dei tilknytte
registra).
For mellom anna aksjeselskap, allmennaksjeselskap, kommandittselskap,
ansvarleg selskap, interkommunalt selskap og stiftingar skjer avvikling
i to trinn. Eit selskap som er meld oppløyst, kan bruke
denne blanketten til å melde sletting når kreditorfristen
er utløpt og avviklingsrekneskapen er godkjend av kompetent
organ.
Dei fleste andre organisasjonsformene blir sletta utan at kreditorvarsel
er gått ut på førehand. Dette gjeld mellom
anna enkeltpersonføretak,
selskap med avgrensa ansvar, partreiarlag, kommunale føretak,
fylkeskommunale føretak, stiftingar, foreiningar og
andre innretningar.
Nødvendige vedlegg ved sletting i Einingsregisteret:
Ved sletting i Einingsregisteret skal det leggjast ved dokumentasjon/protokoll
som viser at eininga er opphøyrt/vedteken avvikla.
Dette gjeld alle organisasjonsformer, når ein ser bort
frå enkeltpersonføretak. For
desse er det ikkje krav om at det skal leggjast veddokumentasjon.
Ved sal eller overdraging av verksemd skal det leggjast ved
fråsegn frå den som kjøper/overtek.
Nødvendige vedlegg ved sletting i Føretaksregisteret.
|
Organisasjonsform
|
Vedlegg:
|
Organisasjonsform
|
Vedlegg:
|
|
Allmennaksjeselskap (ASA)
|
B
|
Utanlandsk eining med norsk avdeling/representant
|
A
|
|
Aksjeselskap (AS)
|
B
|
Interkommunalt selskap
|
B
|
|
Ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS)
|
B
|
Kommunalt/Fylkeskommunalt føretak
|
A
|
|
Ansvarleg selskap med delt ansvar (DA)
|
B
|
Bustadbyggjelag/Burettslag (BBL/BRL)
|
B
|
|
Partreiarlag
|
A
|
Gjensidig forsikringsselskap
|
B
|
|
Enkeltpersonføretak
|
E
|
Eigarseksjonssameige
|
A
|
|
Kommandittselskap (KS)
|
B
|
Statsføretak (SF)
|
B
|
|
Selskap med avgrensa ansvar (BA)
|
A
|
Sparebank
|
A+C
|
|
Foreining/lag/innretning (FLI)
|
A
|
Europeisk økonomisk føretaksgruppe (EØFG)
|
A+D
|
|
Stifting
|
A
|
|
|
A Protokoll frå kompetent organ som viser melde
opplysningar.
B Generalforsamlingsprotokoll/selskapsmøteprotokoll
som viser vedtak om godkjenning av revidert avviklingsrekneskap.
C Dokumentasjon for at kreditorane er varsla, til dømes
utklipp av annonsane.
D Registreringsbevis frå utanlandsk føretaksregister.
E Ingen vedlegg.
Alle vedlegg skal vere på norsk.
Sletting etter fusjon eller fisjon bør meldast
på blanketten Samordna registermelding. I rettleiinga
til den finn du nærmare beskriving av krav til vedlegg
frå selskaper som deltek i fusjonen/fisjonen.
|