Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Samordna registermelding

Bokmål

Rettleiing til fellesblankett for registrering i

  • Einingsregisteret
  • Føretaksregisteret
  • Meirverdiavgiftsregisteret
  • Arbeidsgivardelen av Arbeidsgivar-/arbeidstakarregisteret
  • Statistisk sentralbyrå sitt bedrifts- og føretaksregister
  • Fylkesmennene sitt register over stiftingar
  • Skattemanntalet for etterskotspliktige

Innhald

Samordna registermelding

Slik fyller du ut blanketten

Krav til vedlegg

 

Samordna registermelding

Blanketten "Samordna registermelding" er ein fellesblankett for registrering i Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Meirverdiavgiftsregisteret og fylkesmennene sitt register over stiftingar. Med denne blanketten samlar eit også inn grunndata til arbeidsgivardelen av Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret, Statistisk sentralbyrå sitt bedrifts- og føretaksregister og Skattemanntallet for etterskotspliktige. Blanketten kan sendast til Einingsregisteret eller eitt av dei nemnde tilknytte registra. Mottakaren formidlar dei innsende opplysningane vidare. Det er derfor ikkje nødvendig å sende inn opplysningane direkte til det tilknytte registeret der dei skal registrerast.

Blanketten består av følgjande delar:

Del 1 - Hovudblankett
Del 2 - Tillegg for Meirverdiavgiftsmanntalet

Blanketten skal brukast både når ei eining skal registrerast første gongen, når registrerte opplysningar om ei eining skal endrast, blant anna opplysningar om kjøp, sal eller nedlegging av verksemd, og når ein skal melde frå om at ei eining skal oppløysast eller slettast.

Når du ønskjer å slette ei eining og samtidig registrere ei ny, skal det fyllast ut to blankettar. Når det gjeld endringar, skal du fylle ut berre dei felta som skal endrast (unnateke felt 1.1.). Dersom endringa inneber at opplysninga skal slettast utan at ho blir erstatta med nye opplysningar, skriv du "går ut" i feltet.

Tilleggsblankett

Driv eininga verksemd på fleire stader, skal du også fylle ut særskild blankett (del 1 B). Den får du tilsend frå Brønnøysundregistra når du har kryssa av i blanketten for at du driv verksemd på fleire stader.

Kva delar av blanketten som skal fyllast ut, avheng av kvar eininga skal registrerast eller er registrert:

Registrering/endring/sletting i Føretaksregisteret og Einingsregisteret:

Det er nok å sende inn del 1 dersom eininga berre søkjer registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Det same gjeld ved endring og sletting i desse registra. Eininga kan også søkje registrering i Føretaksregisteret etter at ho alt er registrert i Einingsregisteret.

Registrering/endring/sletting i Meirverdiavgiftsregisteret:

Einingar som driv meirverdiavgiftspliktig verksemd, skal vere registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret. Dei må fylle ut både del 1 og del 2. Desse blankettane skal sendast samla til Einingsregisteret eller fylkesskattekontoret dersom eininga ikkje er registrert i Einingsregisteret frå før. (Sjå rettleiing til felt 2.1 i blanketten.)

Dersom eininga tidlegare har meldt inn dei nødvendige opplysningane og er registrert i Einingsregisteret, kan del 2 sendast inn for seg.

Underskrifter

Både del 1 og del 2 skal underskrivast. Dersom du ikkje følgjer underskriftskrava, blir meldinga ikkje registrert.

Kva er Einingsregisteret?

Einingsregisteret er eit samordningsregister for seks tilknytte register. Desse registra er:

  • Føretaksregisteret
  • Meirverdiavgiftsregisteret
  • Arbeidsgivardelen av Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret
  • Statistisk sentralbyrå sitt bedrifts- og føretaksregister
  • Fylkesmennene sitt register over stiftingar
  • Skattemanntalet for etterskotspliktige

Einingsregisteret skal forenkle registrering og bruk av registreringspliktige data både for dei einingane som skal gi opplysningane, og for dei offentlege etatane som skal bruke dei. Når du melder ei registreringspliktig opplysning til Einingsregisteret, sender Einingsregisteret dei melde opplysningane vidare til dei registra der eininga er registrert eller skal registrerast.

Kva skal registrerast i Einingsregisteret?

Opplysningar om einingar og den verksemda som einingane driv, blir registrerte og sende vidare av Einingsregisteret. Det er derfor svært viktig at du skil mellom omgrepa eining og verksemd når du fyller ut blanketten.

Eining: Samleomgrep for personar, selskap, foreiningar, sameige o.a. som har plikt eller rett til å registrere seg i Einingsregisteret etter § 4 i einingsregisterlova.

Verksemd: Den aktiviteten som eininga driv. Verksemd på forskjellige geografiske stader og/eller i ulike bransjar blir rekna som ulike verksemder. Ei eining kan eige ei eller fleire verksemder. Eit aksjeselskap eig f.eks. ein bokhandel og eit trykkjeri. I dette dømet eig eininga (aksjeselskapet) to verksemder.

Innhenting av opplysningar frå andre register

Ei viktig oppgåve for Einingsregisteret er å oppdatere grunndata i andre register. På same måten vil Einingsregisteret bli oppdatert med opplysningar frå andre register. Einingsregisteret er direkte tilkopla Sentralkontoret for folkeregistrering. For at Einingsregisteret skal vere oppdatert når det gjeld endringar i namn og adresser til rolleinnehavarar (kontaktperson, styre, deltakarar osv.), må slike endringar meldast snarast råd til folkeregisteret.

Offentligheit for registrerte opplysningar

Opplysningar om eininga sitt firma eller namn, eininga si adresse, organisasjonsform, formål (art, bransje), stiftelsestidspunkt og kven som er dagleg leiar for eininga, er offentleg tilgjengelege frå Einingsregisteret. Det same gjeld opplysningar om eininga sin status, næringskode og institusjonell sektorkode, telefonnummer, telefaksnummer og andre elektroniske adresser. Andre opplysningar er ikkje offentleg tilgjengelege frå Einingsregisteret.

Når det gjeld Føretaksregisteret, har alle rett til å gjere seg kjende med opplysningane som er registrerte der, og få utskrift av det. Dette gjeld likevel ikkje fødselsnummer.

For dei andre registra som er knytte til Einingsregisteret, gjeld andre reglar om offentlegheit. Opplysningar om dei reglane som gjeld, kan du få ved å kontakte det aktuelle registeret.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673