Bruk elektronisk registrering
Gjennom elektronisk registrering kan du registrere nye einingar og føretak i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Du kan også melde endringar og nye opplysningar om eksisterande einingar eller melde frå om oppløysning og sletting. Tenesta kan brukast for dei vanlegste organisasjonsformene.
Dersom du ikkje kan nytte elektronisk registrering, kan du bruke papirblankettane våre:
Last ned blanketten
Blanketten i PDF-format (Adobe Acrobat)
(OBS! Krev Acrobat Reader versjon 3.0 eller seinare)
Samordna registermelding Del 1 Hovudblankett |
Bokmål |
Nynorsk |
Samordna registermelding Del 2 Tillegg for Meirverdiavgiftsmanntalet |
Bokmål |
Nynorsk |
For å kunne bruke blankettane treng du Adobe
Acrobat programvare. Har du ikkje denne programvara eller
anna programvare som kan lese filer i PDF-formatet frå
før, må du først laste ned og installere
programvara. Acrobat Reader får du gratis frå
Adobe. Programvara er tilgjengeleg for forskjellige plattformer
og kjem også som plug-in-modul, blant anna for Netscape
og MS Internet Explorer.
NB! Dersom du bruker Acrobat Reader versjon 5, må du
passe på at det ikkje er kryssa av i ruta for «Comments»
i utskriftsvindauget når du skriv ut blanketten. (I
versjon 4 heiter dette valet «Annotations».) Ut
for kvart felt på blanketten står dei små
«gule lappane» med rettleiing. «Lappane»
er meinte som hjelp under utfylling av blanketten og skal
ikkje vere med på utskrifta. Det blir dei dersom det
er kryssa av for «Comments» («Annotations»)
ved utskrift.
Meir informasjon om utskriftsproblem i Windows
og på Mac
finn du på Adobe sine sider.
Blanketten i ope dokumentformat (ODF)
Samordna registermelding Del 1 Hovudblankett |
Bokmål |
Nynorsk |
Samordna registermelding Del 2 Tillegg for Meirverdiavgiftsmanntalet |
Bokmål |
Nynorsk |
For å bruke blanketten må du ha eit program som støttar Open Document Format (ODF). Du kan til dømes laste ned programpakka OpenOffice.org gratis. For å opne blanketten i Microsoft Office, må du ha eit programtillegg som kan lastast ned gratis.
Vi tilrår at du lagrar blanketten på maskina di og så opnar han i OpenOffice.org, MS Word eller tilsvarande, i staden for å opne han i nettlesaren. (I Internet Explorer på PC og dei fleste andre nettlesarar gjer du det til dømesved å velje «Lagre som...» frå «Fil»-menyen når du har fått opp blanketten i nettlesaren.)
Blanketten i MS Word-format
|
Samordna registermelding Del 1 Hovudblankett |
Bokmål |
Nynorsk |
|
Samordna registermelding Del 2 Tillegg
for Meirverdiavgiftsmanntalet |
Bokmål |
Nynorsk |
For å bruke blankettane må du ha MS Word, OpenOffice.org, Word Viewer eller eit anna program som kan vise denne filtypen.
Word Viewer kan du laste
ned gratis. Etter at du har lasta ned programvara, må
ho installerast på maskina di.
Blankettane inneheld makroar. Makroar blir nytta til for
eksempel moduluskontroll av organisasjonsnummer og til summering
av felt. Når du hentar blanketten kan programmet spørje
om du vil aktivere makroen. For at blanketten skal fungere
må du aktivere makroen.
Vi tilrår at du lagrar blanketten på maskina
di og så opnar han i MS Word eller tilsvarande i staden
for å opne han i nettlesaren. (I Internet Explorer og dei fleste andre nettlesarar på PC gjer du det til dømes ved å velje «Lagre som...» frå «Fil»-menyen når du har fått opp blanketten i nettlesaren.)
|