Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Samordna registermelding

Bokmål

Rettleiing til blankett for registrering i Partiregisteret

Du skal nytte blankett Samordna registermelding: 

I felt for «Namn/Føretaksnamn» /«Namnet til foreininga» må partiet sitt namn førast opp. Med partiet sitt namn meiner vi det partinamnet som går fram av vedtektene til partiet.

Kryss av for kva meldinga gjeld i feltet «Meldinga gjeld». Om partiet ikkje er registrert i Einingsregisteret frå før med eige organisasjonsnummer, skal det kryssast av i felt 2.1 (registrering i Einingsregisteret). Om eininga har organisasjonsnummer og berre ønskjer registrering i Partiregisteret, blir det kryssa av i felt for endringar/nye opplysningar.  

Kryss av for «Ja» eller «Nei» for kvart enkelt punkt i felt 3 i blanketten.

I felt for «Adressa til foreininga»/ «Adressa til hovudkontoret» skal forretningsadressa til partiet/besøksadresse meldast.

«Postadresse» må alltid fyllast ut og skal vere adressa dit partiet ønskjer å få send all posten sin.

«Gateadressa til verksemda» skal berre førast opp dersom verksemda skjer på ein annan stad enn kva som er ført opp i felt for «hovudkontoret si adresse». (Gjeld berre for hovudblanketten.)

I felt for «Innsendar/gebyransvarleg» må du fylle ut opplysningar om innsendaren av meldinga. Innsendaren vil bli partiet sin kontaktperson under behandlinga av denne meldinga. Registrering i Einingsregisteret og Partiregisteret er gratis, så det vil ikkje tilkome gebyr.

Når du nyttar  hovudblanketten, må det kryssast av for riktig organisasjonsform i felt 8. For parti vil det oftast vere foreining/lag/innretning. Det einskilde partiet må likevel sjølv vurdere om denne organisasjonsforma er korrekt i deira tilfelle. Vedlegg må vere i samsvar med den valde organisasjonsforma. Blanketten Forenkla blankett for foreiningar gjeld berre for dei som har denne organisasjonsforma.

I felt «Stifting av foreininga»/ «Stifting av eining» fører du opp stiftingsdatoen til partiet.

I felt «Verksemd/bransje»/ «Foreininga sine aktivitetar» bør du nytte formuleringa partipolitisk organisasjon. Dersom partiet i tillegg driv anna verksemd, skal også denne verksemda forklarast.

I felt «Kontaktperson, dagleg leiar eller forretningsførar» / «Dagleg leiar, innehavar, forretningsførar eller annan kontaktperson» skal du skrive inn den som er partiet sin daglege leiar, forretningsførar eller tilsvarande kontaktperson. Dette må vere ein fysisk person, og du må føre opp fullt namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer).

Kryss av for partiet si målform i feltet «Ønskt målform».

I felt «Foreininga sitt styre»/«Styre, deltakarar og anna» skriv du inn opplysningar om partiet sitt styre. Styret er partiet sitt høgste organ mellom årsmøta. Dette vil ikkje nødvendigvis vere identisk med partiet sitt utøvande organ etter vallova. Hugs å føre opp fullt namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer) for alle rolleinnehavarar. Kryss av for riktige roller i alternativa til høgre. Opplysningar om partiet sine utøvande organ blir melde i eige vedlegg, sjå vedleggskrava

Du gir opplysning om signaturføresegn i feltet «Signatur».

Du gir opplysning om eventuelle prokuristar i feltet «Prokura».

Felta «Revisor» og «Rekneskapsførar»: Revisor og rekneskapsførar skal og kan berre meldast etter nærmare fastsette vilkår. Eventuell revisor som blir meld må vere godkjend av Finanstilsynet og registrert i Revisorregisteret. Eventuell rekneskapsførar som blir meld må vere autorisert av Finanstilsynet.

I blanketten sitt felt «Andre opplysningar» MÅ du skrive inn følgjande opplysning: «Eininga skal registrerast i Partiregisteret». Dette fordi vi ikkje har eige felt i blankettane for registrering i Partiregisteret. Du må også melde særskild kva partinamn som skal registrerast i Partiregisteret.

Dato og underskrift skal kome fram i felt for «Underskrifter». Det er styret, den som har signaturrett eller den som er meld som dagleg leiar, forretningsførar eller tilsvarande kontaktperson, som skal skrive under på meldinga.

Meldinga skal sendast til Partiregisteret, postboks 900, 8910 BRØNNØYSUND

Spørsmål om utfylling av registreringsmelding kan rettast til Opplysningstelefonen på telefonnummer 75 00 75 00.                                  

 


 

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673