 |
Følgjande vedlegg skal sendast saman med registreringsmeldinga:
- Ei erklæring frå 5000 personar med stemmerett
ved stortingsval om at dei ønskjer partinamnet registrert.
Den som sender inn ei erklæring, må ha nådd
stemmerettsalderen innan utløpet av det kalenderåret
søknaden blir sendt. Dersom søknaden blir
sendt mindre enn eitt år før eit val, er det
tilstrekkeleg at stemmerettsalderen er nådd innan
utløpet av valåret. I erklæringa skal
namnet, fødselsdatoen og adressa til den som har
sendt den gå fram. Erklæringa skal vere eigenhendig
underskriven og datert av innsendaren. Inga erklæring
skal vere meir enn eitt år eldre enn søknaden.
- Stiftingsdokument
- Eit ajourført eksemplar av partiet sine vedtekter.
Av vedtektene skal det blant anna gå fram kva som
skal vere partiet sitt namn, og kva organ som kan velje
partiet sitt utøvande organ.
- Protokoll(ar) som viser val av styre, jf. einingsregisterlova § 8. Dersom medlemene av
styret er valde i forskjellige møte, må protokollar
som viser alle vala vere vedlagde. Etter einingsregisterlova
er styret det organet som er partiet sitt høgste
organ mellom årsmøta. Partiet sitt styre etter
einingsregisterlova og partiet sitt utøvande organ etter partilova
må ikkje nødvendigvis vere det same.
- Opplysningar om partiet sitt utøvande organ skal gjevast i
eige vedlegg til meldinga:
o Dersom partiet sitt styre etter einingsregisterlova også
skal ha fullmakt som partiet sitt utøvande organ etter partilova,
må det gjevast eintydig opplysning om dette i eit
eige vedlegg.
o Dersom partiet sitt utøvande organ skal ha ei anna samansetjing
enn partiet sitt styre etter einingsregisterlova, skal full
opplysning om samansetjinga av partiet sitt utøvande organ leggjast
ved i eige vedlegg. Her skal namna til medlemene,
fødselsnummer (11 siffer) og adresse meldast. Dersom
partiet sitt utøvande organ består av medlemer med forskjellige roller
(for eksempel leiar, medlem, varamedlem) skal rolla også
til det enkelte medlemmet meldast.
o Protokoll som viser val av partiet sitt utøvande organ etter partilova. Dersom
medlemene av hovudstyret er valde i forskjellige møte,
eller av forskjellige organ, må det vedleggjast protokollar/annan
dokumentasjon som viser alle vala.
Dersom vedlegg ligg føre i kopi eller utskrift, skal
kopiane vere stadfesta, jf. forskrift av 9. februar 1995 om
registrering av juridiske personar m.m. i Einingsregisteret
§ 16.
Spørsmål om krav til vedlegg kan rettast til
Opplysningstelefonen på telefonnummer 75 00 75 00.
|
 |