Bruk elektronisk registrering
Gjennom elektronisk registreringkan du registrere og endre opplysningar om frivillig verksemd i Frivilligregisteret. Du kan også registrere opplysningar i Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Meirverdiavgiftsregisteret og NAV Aa-registeret.
Dersom du ikkje kan nytte elektronisk registrering, kan du bruke dei nedlastbare papirblankettane våre:
Forenkla blankett for foreiningar
Last ned blanketten
Blanketten i PDF-format (Adobe Acrobat)
(OBS! Krev Acrobat Reader versjon 3.0 eller seinare)
Forenkla registermelding - blankett for foreiningar |
Nynorsk |
Bokmål |
Samordna registermelding Del 2 Tillegg for Meriverdiavgiftsmanntalet |
Nynorsk |
Bokmål |
For å kunne bruke blankettane treng du Adobe Acrobat programvare. Har du ikkje denne programvara eller anna programvare som kan lese filer i PDF-formatet frå før, må du først laste ned og installere programvara. Acrobat Reader får du gratis frå Adobe. Programvara er tilgjengeleg for forskjellige plattformer og kjem også som plug-in-modul til dei mest brukte nettlesarane.
NB! Dersom du bruker Acrobat Reader versjon 5, må du passe på at det ikkje er kryssa av i ruta for «Comments» i utskriftsvindauget når du skriv ut blanketten. (I versjon 4 heiter dette valet «Annotations».) Ut for kvart felt på blanketten står dei små «gule lappane» med rettleiing. «Lappane» er meinte som hjelp under utfylling av blanketten og skal ikkje vere med på utskrifta. Det blir dei dersom det er kryssa av for «Comments» («Annotations») ved utskrift.
Meir informasjon om utskriftsproblem i Windows og på Mac finn du på Adobe sine sider.
Blanketten i ope dokumentformat (ODF)
Samordna registermelding - blankett for foreiningar |
Nynorsk |
Bokmål |
Samordna registermelding Del 2 Tillegg for Meirverdiavgiftsmanntalet |
Nynorsk |
Bokmål |
For å bruke blanketten må du ha eit program som støttar Open Document Format (ODF). Du kan til dømes laste ned programpakka OpenOffice.org gratis. For å opne blanketten i Microsoft Office, må du ha eit programtillegg som kan lastast ned gratis.
Vi tilrår at du lagrar blanketten på maskina di og så opnar han i OpenOffice.org, MS Word eller tilsvarande, i staden for å opne han i nettlesaren. (I Internet Explorer på PC og dei fleste andre nettlesarar gjer du det til dømesved å velje «Lagre som...» frå «Fil»-menyen når du har fått opp blanketten i nettlesaren.)
Blanketten i MS Word-format
Samordna registermelding – blankett for foreiningar |
Nynorsk |
Bokmål |
Samordna registermelding Del 2 Tillegg for Meirverdiavgiftsmanntalet |
Nynorsk |
Bokmål |
For å bruke blanketten må du ha MS Word, OpenOffice.org, Word Viewer eller eit anna program som kan vise denne filtypen. Word Viewer kan du laste ned gratis. Etter at du har lasta ned programvara, må ho installerast på maskina di.
Blankettane inneheld makroar. Makroar blir nytta til for eksempel moduluskontroll av organisasjonsnummer og til summering av felt. Når du hentar blanketten kan programmet spørje om du vil aktivere makroen. For at blanketten skal fungere må du aktivere makroen.
Vi tilrår at du lagrar blanketten på maskina di og så opnar han i MS Word eller tilsvarande i staden for å opne han i nettlesaren. (I Internet Explorer og dei fleste andre nettlesarar på PC gjer du det til dømes ved å velje «Lagre som...» frå «Fil»-menyen når du har fått opp blanketten i nettlesaren.)
|