|
Blanketten "Registrering i EMAS" blir brukt ved
registrering av organisasjonar eller område som kjem
inn under EMAS-ordninga. Les
meir om EMAS-registeret. Ved sida av blanketten, må
det sendast inn ei miljøutgreiing som er godkjend av
ein akkreditert miljøkontrollør.
Last ned blanketten
Blanketten i PDF-format (Adobe Acrobat)
(OBS! Krever Acrobat Reader versjon 3.0 eller seinare)
For å kunne bruke blanketten treng du Adobe
Acrobat programvare. Har du ikkje denne programvara eller
anna programvare som kan lese filer i PDF-formatet frå
før, må du først laste ned og installere
programvara. Acrobat Reader får du gratis frå
Adobe. Programvara er tilgjengeleg for forskjellige plattformer
og kjem også som plug-in-modul til dei mest brukte nettlesarane..
NB! Dersom du bruker Acrobat Reader versjon 4.0 må
du fjerne krysset i ruta for "Annotations" i utskriftsvindauget
når du skriv ut blanketten. Ut for kvart felt på
blanketten står dei små "gule lappane"
med rettleiing. "Lappane" er meinte som hjelp under
utfylling av blanketten og skal ikkje vere med på utskrifta.
Det blir dei dersom det er kryssa av for "Annotations"
ved utskrift.
Adobe har meir informasjon om utskriftsproblem i
Windows og på
Mac på sidene sine.
Blanketten i MS Word-format
For å bruke blankettane må du ha MS Word, Word
Viewer eller eit anna program som kan vise denne filtypen.
Word Viewer kan du laste ned gratis. Etter at du har lasta
ned programvara, må ho installerast på maskina
di.
Blankettane inneheld makroar. Makroar blir nytta til for
eksempel moduluskontroll av organisasjonsnummer og til summering
av felt. Når du hentar blanketten kan Word spørje
om du vil aktivere makroen. For at blanketten skal fungere
må du aktivere makroen.
Vi tilrår at du lagrar blanketten på maskina
di og så opnar han i MS Word eller tilsvarande i staden
for å opne han i nettlesaren. (I Internet Explorer på
PC gjer du det for eksempel ved å velje "Lagre
som..." frå "Fil"-menyen når du
har fått opp blanketten i nettlesaren.)
|