Rettleiing
1. Innsendar:
Innsendaren vil i dei fleste tilfella vere den einskilde utøvaren
som søkjer om registrering i registeret. Feltet kundenummer skal berre fyllast ut dersom du er kunde i Brønnøysundregistra
frå før. Det er viktig at felta namn,
adresse, postnummer og poststad blir
fylte ut korrekt. Tilbakemeldingar frå oss gjennom registreringsprosessen
vil bli sende til denne adressa. Dersom du i tillegg fyller
ut felta telefon og e-postadresse vil vi lettare
kunne kome i kontakt med deg dersom det er noko vi lurer på.
2. Søknaden gjeld:
Her må du krysse av for kva søknaden gjeld. Gjeld
søknaden nyregistrering, må heile
skjemaet fyllast ut. Dersom du skal slette eller endre opplysningar som
tidlegare er registrerte, må du fylle ut opplysningar
om utøvar og dei punkta som endringa eller slettinga
gjeld.
3. Vilkår for registrering av utøvar:
Det er viktig at den dokumentasjonen som blir kravd blir lagd
ved søknaden. Dokumentasjon på forsikring
kan skaffast på fleire måtar. Dersom du:
- har privat forsikring, kan du sende inn rett kopi av forsikringsprovet.
- er tilsett i ei verksemd, kan du sende inn stadfesting
på at arbeidsgivar si forsikring dekkjer utøvinga
di.
- er forsikra gjennom din utøvarorganisasjon, kan
du få eit forsikringsprov som må vere signert
av utøvarorganisasjonen. Forsikringsprovet
kan ikkje vere eldre enn to månader.
For å dokumentere medlemskap i ein godkjend utøvarorganisasjon,
må du få eit medlemsprov frå utøvarorganisasjonen.
Medlemsprovet må vere signert av utøvarorganisasjonen,
og bør ikkje vere eldre enn to månader.
Medlemskap og eventuell forsikring gjennom utøvarorganisasjon
kan stadfestast i same dokument.
Er du tilsett i ei verksemd, må du få ei stadfesting
på tilsetjingsvilkåret av arbeidsgivar.
4. Opplysningar om utøvar:
Alle opplysningane her må fyllast ut. Det er spesielt
viktig at du gir opp korrekt fødselsnummer eller D-nummer.
D-nummer blir nytta for personar som ikkje har eit norsk fødselsnummer,
og vil i hovudsak gjelde for utanlandske statsborgarar busett
i Noreg. D-nummer får du ved å kontakte Folkeregisteret.
5. Opplysningar om medlemskap i utøvarorganisasjon:
Før du kan søkje om å bli registrert i
registeret må du forsikre deg om at den utøvarorganisasjonen
du er medlem av, er godkjend av Sosial-
og helsedirektoratet. Organisasjonsnummeret til godkjende
utøvarorganisasjonar finn du på nøkkelopplysningar
frå Einingsregisteret.
6. Opplysning om tittel:
Du må velje ein tittel blant titlar som er i samsvar med Sosial- og helsedirektoratet si godkjenning av din utøvarorganisasjon. Tittelen du gir opp vil vere søkbar i registeret, og du kan dermed nytte nemninga "registrert" framfor tittelen.
7. Opplysningar om behandlingsform:
Hovudbehandlingsform: I utgangspunktet vil behandlingsforma vere knytt til tittelen du har valt, og du skal då ikkje føre opp noko i denne rubrikken. Somme utøvarorganisasjonar (paraplyorganisasjonar) har vedtektsfesta fagkrav i fleire behandlingsformer. Dersom du er medlem av ein slik organisasjon, og oppfyller fagkrav i fleire behandlingsformer, kan dei førast opp her.
Tilleggsbehandlingsform: Ein utøvarorganisasjon kan ha vedtektsfesta fagkrav i tilleggsbehandlingsformer. Oppfyller du fagkrav i ein eller fleire tilleggsbehandlingsformer, kan du føre det opp her.
Dersom du ønskjer å registrere behandlingsformer, må du sende skjemaet til din utøvarorganisasjon. Utøvarorganisasjonen skal stadfeste at du oppfyller dei vedtektsfesta fagkrava i dei behandlingsformene du gir opp. Behandlingsformene skal vere i samsvar med Sosial- og helsedirektoratet si godkjenning av din utøvarorganisasjon. Skjemaet må stemplast og signerast av utøvarorganisasjon før innsending til Brønnøysundregistra.
8. Opplysningar om verksemd/praksis til utøvaren:
Her skal du opplyse om kva for ei verksemd du utøver den alternative behandlinga frå. Det er viktig at du gir opp korrekt organisasjonsnummer og namn. I tillegg må du gi opp namnet som verksemda er registrert med i Einingsregisteret.
9. Gebyr:
Sjå oversikt over gebyr.
10. Stempel og signatur frå utøvarorganisasjonen:
Sjå punkt 7.
|