Last ned blanketten
Blanketten i PDF-format (Adobe Acrobat)
(OBS! Krever Acrobat Reader versjon 3.0 eller seinare)
For å kunne bruke blankettane treng du Adobe Acrobat
programvare. Har du ikkje denne programvara eller anna programvare
som kan lese filer i PDF-formatet frå før, må
du først laste ned og installere programvara. Acrobat
Reader får du gratis frå Adobe. Programvara er
tilgjengeleg for forskjellige plattformer og kjem også
som plug-in-modul, blant anna for Netscape og MS Internet
Explorer.
NB! Dersom du bruker Acrobat Reader versjon 5, må du
passe på at det ikkje er kryssa av i ruta for "Comments"
i utskriftsvindauget når du skriv ut blanketten. (I
versjon 4 heiter dette valet "Annotations".) Ut
for kvart felt på blanketten står dei små
"gule lappane" med rettleiing. "Lappane"
er meinte som hjelp under utfylling av blanketten og skal
ikkje vere med på utskrifta. Det blir dei dersom det
er kryssa av for "Comments" ("Annotations")
ved utskrift.
Meir informasjon om utskriftsproblem i Windows og på
Mac finn du på Adobe sine sider.
Blanketten i ope dokumentformat (ODF)
For å bruke blanketten må du ha eit program som støttar Open Document Format (ODF). Du kan til dømes laste ned programpakka OpenOffice.org gratis. For å opne blanketten i Microsoft Office, må du ha eit programtillegg som kan lastast ned gratis.
Vi tilrår at du lagrar blanketten på maskina di og så opnar han i OpenOffice.org, MS Word eller tilsvarande, i staden for å opne han i nettlesaren. (I Internet Explorer på PC og dei fleste andre nettlesarar gjer du det til dømesved å velje «Lagre som...» frå «Fil»-menyen når du har fått opp blanketten i nettlesaren.)
Blanketten i MS Word-format
For å bruke blankettane må du ha MS Word, Word
Viewer eller eit anna program som kan vise denne filtypen.
Word Viewer kan du laste ned gratis. Etter at du har lasta
ned programvara, må ho installerast på maskina
di.
Blankettane inneheld makroar. Makroar blir nytta til for
eksempel moduluskontroll av organisasjonsnummer og til summering
av felt. Når du hentar blanketten kan Word spørje
om du vil aktivere makroen. For at blanketten skal fungere
må du aktivere makroen.
Vi tilrår at du lagrar blanketten på maskina
di og så opnar han i MS Word eller tilsvarande i staden
for å opne han i nettlesaren. (I Internet Explorer på
PC gjer du det for eksempel ved å velje "Lagre
som..." frå "Fil"-menyen når du
har fått opp blanketten i nettlesaren.)
|