|
Gjennom tenesta Produkt og tenester frå Brønnøysundregistra kan næringsdrivande som nyttar Altinn skaffe seg firmaattest, årsrekneskap for dei tre siste åra og andre utvalde produkt gratis for sine eigne einingar.
Dei fleste opplysningane som Brønnøysundregistra
samlar inn frå næringslivet og andre kjelder,
er av offentleg interesse og skal vere offentleg tilgjengelege. Dei
fleste produkta kan du bestille her.
Dersom du er usikker på kva produkt du må bestille
for å få visse opplysningar, finst det også
ei oversikt over dei viktigaste opplysningane med referanse
til kva produkt dei finst i.
Offentlege styresmakter har krav på gratis tilgang til standardisert registerinformasjon frå Brønnøysundregistra, blant anna attestar og årsrekneskap. Informasjon kan hentast direkte frå bestillingsløysinga vår. For å få gratis tilgang, må etaten kontakte Brønnøysundregistra og be om eit gebyrfritt kundenummer. Meldinga må innehalde tilvising til § 4 a i gebyrforskrifta, i tillegg til namn og postadresse.
Offentlege styresmakter må framleis betale gebyr for oppslag i EBR (European Business Register).
|