Føretaksregisteret
Føretaksregisteret inneheld opplysningar om aksjeselskap
og andre føretak med avgrensa ansvar, ansvarlege selskap og
andre selskap med uavgrensa ansvar og enkeltpersonføretak.
Registerutskrift frå Einingsregisteret
og Føretaksregisteret
Inneheld sentrale opplysningar om juridiske personar m.m.
På utskrifta finn du blant anna opplysningar om organisasjonsnummer,
namn, organisasjonsform, dagleg leiar, besøks- og postadresse,
kva tilknytte register eininga er registrert i, næringskode,
målform og telefonnummer dersom eininga har gitt opp
det til oss.
Føretaksopplysningar
Inneheld sentrale opplysningar om føretak. Her finn
du opplysningar om organisasjonsnummer, organisasjonsform,
stiftingsdato, namn, forretningsadresse, kapital, innbetalingsforhold,
styre, dagleg leiar, signatur, prokura, revisor, verksemd
og eventuelle særlege opplysningar om føretaket.
Firmaattest
Inneheld føretaksopplysningar og tener som legitimasjon
for føretaket i alle samanhengar, for eksempel overfor
långivarar, toll- og avgiftsstyresmakter og tinglysingsstyresmakter.
Det finst også spesielle utgåver av firmaattesten.
Desse er:
- Firmaattest med
historisk føretaksnamn
Inneheld det same som ein vanleg firmaattest, men inneheld
også opplysning om alle tidlegare firma (namn) for
føretak som har endra dette.
- Firmaattest med
signatur m.m.
Firmaattest som er signert og eventuelt omsett til engelsk. Merk at engelsk firmaattest ikkje inneheld vedtektsfesta føremål. Vedtektsfesta føremål kan du få omsett hjå ein autorisert translatør. Send omsetjinga til oss, og vi legg ho inn i firmaattesten.
Bestillast her |
Firmaattest: Kr 81
Firmaattest med
historisk føretaksnamn: Kr 81
Firmaattest med
signatur med mer: Kr 384 |
Firmaattest kan du hente gratis på Produkt og tenester frå Brønnøysundregistra i Altinn for dei einingane kor du står registrert med roller. |
Stadfestingar
Stadfesting på opplysningar som er eller har vore registrerte
i Føretaksregisteret. Du kan for eksempel få
ei stadfesting på oppløysing for fusjon med dato
for gjennomføring, alle opplysningar som var registrerte
i Føretaksregisteret på ein bestemt dato, alle
endringar av firma (namn) som er registrerte, eller kapitalaukar
og -nedsetjingar. Stadfestingane er signerte. Du kan også
få dei omsette til engelsk.
|
Bestillast her (e-post) |
Minstegebyr kr 384 + kr 54 pr melding som er grunnlag for stadfestinga |
Kopi frå arkiv
Kopi av meldingar føretaket har sendt til Brønnøysundregistra
ved registrering og endringar og delar av grunnlagsmaterialet
for registreringa så som vedtekter, selskapsavtalar,
generalforsamlingsprotokollar mv.
Du kan også få kopi av prospekter og dokument
frå historisk arkiv. Historisk arkiv inneheld dei lokale
handelsregistra frå perioden 1875-1990.
|
Bestillast her (e-post) |
Kr 219 |
Rolleoversikt
Viser kva roller (eks. dagleg leiar, leiaren i styret etc.)
ein person er registrert med i Føretaksregisteret,
og roller knytte til næringsverksemd i Einingsregisteret. Rolleoversikta viser også kva roller eit føretak har i andre selskap. Det
er mogeleg å bestille rolleoversikt både på
organisasjonsnummer og fødselsnummer (11 siffer). Fødselsnummer
får du frå folkeregisteret i heimkommunen til
personen du spør på.
Klientoversikt
Du kan bestille ei oversikt over kva for klientar ein revisor eller rekneskapsførar er registrert med i Føretaksregisteret og Einingsregisteret.
|
Bestillast her (e-post) |
Kr 300 i startpris + kr 1 pr. klient |
|