Einingsregisteret
I Einingsregisteret finn du data om einingar som har registreringsplikt i dei tilknytta registra, det vil seie Føretaksregisteret, Meirverdiavgiftsregisteret, Arbeidsgjevardelen av Arbeidsgjevar-/Arbeidstakarregisteret, Statistisk sentralbyrå sitt bedrifts- og føretaksregister, Stiftelsesregisteret og Skattedirektoratet sitt register over upersonlege skattytarar. I tillegg er Konkursregisteret eit tilknytta register. Alle konkursbu blir registrerte og tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Andre einingar kan registrere seg i Einingsregisteret frivillig.
Registerutskrift frå Einingsregisteret
og Føretaksregisteret
Inneheld sentrale opplysningar om juridiske personar m.m.
På utskrifta finn du blant anna opplysningar om organisasjonsnummer,
namn, organisasjonsform, dagleg leiar, besøks- og postadresse,
kva tilknytte register eininga er registrert i, næringskode,
målform og telefonnummer dersom eininga har gitt opp
det til oss.
Registerutskrift med signatur
Registerutskrift som er signert og eventuelt
omsett til engelsk.
|
Bestillast her (e-post) |
kr 165 |
Kopi frå arkiv
Kopi av registrerings-/endringsmelding med vedlegg.
|
Bestillast her (e-post) |
kr 219 |
Stadfestingar
Stadfesting på opplysningar som er eller har vore registrerte
i Einingsregisteret. Stadfestingane er signerte. Du kan også
få dei omsette til engelsk.
|
Bestillast her (e-post) |
kr 165 |
Rolleoversikt
Viser kva roller (eks. dagleg leiar, leiaren i styret etc.) ein person er registrert med i Føretaksregisteret, og roller knytte til næringsverksemd i Einingsregisteret. Rolleoversikta viser også kva roller eit føretak har i andre selskap. Det er mogeleg å bestille rolleoversikt både på organisasjonsnummer og fødselsnummer (11 siffer). Fødselsnummer får du frå folkeregisteret i heimkommunen til personen du spør på.
Klientoversikt
Du kan bestille ei oversikt over kva for klientar ein revisor eller rekneskapsførar er registrert med i Føretaksregisteret og Einingsregisteret.
Bestillast her (e-post) |
kr 300 i startpris + kr 1 pr. klient |
|