|
Abonnement på rolleopplysningar frå Einings- og Føretaksregisteret gir deg ei komplett oversikt over kven som har roller i einingar og føretak som er registrerte i desse to registera. Abonnerer du på roller frå begge registera, mottek du to filer; ei med roller frå Einingsregisteret og ei med roller frå Føretaksregisteret. Du kan også berre abonnere på roller frå eitt av registra.
Filene som blir leverte er ein totalbestand av roller. Det er ikkje mogeleg å abonnere på rolleendringa til dømes for siste månad. Filene inneheld opplysningar om fødselsdato. Har du konsesjon frå Datatilsynet, kan filene leverast med opplysningar om fødselsnummer.
Opplysningar som inngår er:
Organisasjonsnummer, føretaksnamn, fødselsdato/fødselsnummer/organisasjonsummar, namn, rolle, adresse, postnr, poststad, land, vald av, ansvar, kjønn, dato.
Leveringshyppigheit:
Du kan få levert rolleopplysningar kvar veke eller kvar månad. Sjeldnare levering kan avtalast dersom ønskjeleg.
Prisar og vilkår
● Månadleg levering med rolleopplysninga frå eitt register: 5000,- (60 000,- pr år)
● Månadleg levering med rolleopplysningar frå begge registra: 10 000,- (120 000,- pr år)
● Levering kvar veke med rolleopplysningar frå eitt register: 10 000,- pr. mnd. (120 000,- pr. år)
● Levering kvar veke med rolleopplysningar frå begge registra: 15 000,- (180 000,- pr år)
● Ønskjerdu anna leveringshyppigheit, ta kontakt for nærmare avtale.
Vilkår for levering av rolleopplysningar frå Brønnøysundregistra blir regulert av standard rammeavtale.
Teknisk framstilling
Filene er kolonnebaserte og blir levert i tekstformat. Filene kan opnast i Excel eller i ein god teksteditor (til dømes. Textpad). Levering skjer vanlegvis ved at det blir oppretta ein sftp-konto for deg. Fila/filene blir lagt på denne kontoen etter avtalt leveringshyppigheit.
Her finn du nærmere omtale av innhaldet i fila (filene).
For å få tilgang til rolleopplysningar frå Einings- og/eller Føretaksregisteret må du fylle ut og sende inn bestillingsskjema. På bakgrunn av informasjonen i skjemaet sender vi avtalar for signering.
Kontakt oss gjerne ved behov for nærmare informasjon om løysinga, og om prisar og liknande.
|